lørdag 12. januar 2013

Nikea - Kalkedon



Dørene i Santa Sabina på Aventinerhøgda er frå tida for konsilet i Efesus året 431. Ein ukjente kunstnar sat og skar ut relieffa på døra samstundes med at tidas mest framståande teologar samla seg i Efesus til det tredje økumeniske konsilet. Berre tjue år seinare vart det på nytt kalla inn til kyrkjemøte, denne gongen i den veslebyen Kalkedon ikkje så langt frå  Konstantinopel med keisarresidensen.
Når eg tek på døra vert med eitt kyrkjehistoria konkret og nær, kanskje også levande og spennande når eg seinare tek fatt på biskop John Willem Gran "Kirkens tro". Det nesten ferdige manuskriptet om korleis trusvedkjenninga vart til låg att  etter han då han døydde for fire år sidan, St.Olav forlag gav ut boka i fjor.
Det krevde fleire hundreårs teologisk tankeverksemd og diskusjonar før dei sentrale punkta i den
kristne trua vart klart definert og formulert. Det var ei tid med djup usemje, intrigar, kyrkjepolitisk spel og oppsplitting i teologisk retningar og nye kyrkjesamfunn. Dersom ein ikkje held fast på at kyrkja heile tida vert leia av Den heilage Ande, ville ikkje desse kyrkjehistoriske hendingane skilja seg frå alt anna i menneskas dramatiske historie. Det heile ville vorte redusert til språkleg flisespikkeri.
Når vi i kvar søndagsmessa  seier fram trusvedkjenninga er det konklusjonen på det første kyrkjemøtet i Nikea i 325 vi tek del i. Bakgrunnen var striden om kor vidt Logos var skapt direkte av Gud slik teologen Arius i Alexandria hevda. Han syn vann stor tilslutning, men vart fordømt som kjettersk på kyrkjemøtet i Nikea. Forhaldet mellom Faderen og Sonen vart uttrykt med orda:" sann Gud av den sanne Gud, født, ikkje skapt, av samme vesen(gresk: homoousios) som Faderen."
Det neste store spørsmålet som skapte teologisk strid var korleis det menneskelege og guddomelege var sameina i personen Jesus Kristus. Det var hovudtema på såvel kyrkjemøtet i Efesus i 431, som i Kalkedon i 451. I Efeseus fekk ein den første store kyrkjesplittinga i det dei austlege kyrkjeprovinsane som støtta biskop Nestorius gjekk ut og skipa sitt eige kyrkjesamfunn. Enno er det att små restar av denne kyrkja i Irak. Møtet i Kalkedon formulerte den endelege læra om Kristi to naturar( gresk:fysis).
"Vi bekjenner den ene  og samme Kristus, Sønn, Herre, enbåren, som erkjennes i to naturer, uten sammenblanding og uforvandlet, uoppdelt og uten adskillelse. Naturens forskjell blir ikke opphevet ved foreningen, men hver natur bevares i sin egenart, og begge går sammen til en person og en hypostase, ikke delt eller kløvet i to personer..."
Dette førte til den andre store kyrkjedelinga i det dei "monofysittiske" kyrkjeprovinsane etablerte seg som eigne kyrkjesamfunn. I dag kjenner vi dei som dei koptiske, etiopiske, armenske og syriske kyrkjene. Kanskje var det mest kyrkjepolitikk og ulik forståing av teologiske termar som skilde, og ikkje ei ulik oppfatning av personen Jesus Kristus som frelsar. Likevel skulle det gå nær femten- hundre årt før dei ortodokse og orientalske kyrkjene kunne underteikna ein avtale som gjorde slutt på konlikten frå Kalkedon. Det skjedde i Chambesy utanfor Geneve i 1990. Dei orientalske kyrkjene er i dag ein naturleg del av den verdsvide kristne kyrkja og knapt nokon vil oppfatta dei som "kjetterske". I dag treng dei all solidaritet dei kan få for å stå imot presset frå det muslimske fleirtalet i Midt-Austen.
Historia er viktig for å forstå samtida, kyrkjehistoria er viktig for å forstå trua. Biskop Gran si bok gjev sånn sett både innsikt og djupare forståing.






Santa Sabina på Aventinerhøgda i Roma. Basilikaen  som har tilhøyrt Dominikanerordenen frå 1200 talet, vart opprinneleg bygd ca 422-32. Tredørene med relieff med bibelsk motiv er frå ca 430-32, altså frå tida for konsilet i Efesus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar