torsdag 17. januar 2013

Asbjørn Aarnes in memoriam

Professor i europeisk litteraturhistorie Asbjørn Aarnes døydde  08. januar i år 89 år gammal.
Det fekk meg til å tenkja på eit lite minne eg har om han, eit takkekort frå mange år tilbake. Eg hadde skreve ei bokmelding av biografien hans om Olav Nygard som kom i 2004, "Poesien hos Olav Nygard.Et dikteralbum." Det seier mykje om Asbjørn Aarnes som menneske at han tok seg bryet med å senda eit personleg, handskreve  takkekort til ein ukjent anmeldar i eit lite tidsskrift. Eg hugsar at eg sette svært stor pris på at kommenterte mi forståing av det han ville formidla i boka.
Asbjørn Aarnes vaks opp på Nordmøre men var det meste av livet tilsett ved undiversitetet i Oslo. Hans spesialområde var fransk og norsk litteratur, men han hadde eit interesseområde som gjekk langt utover dette. Doktorgraden tok han på den franske poeten Gerard de Nerval. I heile etterkrigstida var han ein sentral aktør både i den faglege, og den offentlege debatten i Norge.
Asbjørn Aarnes var framom alt ein formidlar av kultur generelt og litteraturhistorie spesielt. Han omsette mange litterære verk, hovudsakleg frå fransk, ei lang rekke artiklar, essays og bøker bar hans signatur. I mange år var han redaktør for Thorleif  Dahsl kulturbibliotek, og formidla dermed europeisk kultur som ellers ikkje hadde vore tilgjengeleg på norsk.
Aarnes var ein europeisk humanist i ordets eigentlege forstand. På slutten av livet var det særleg ein sentral nyare europeisk filosof som opptok, og som han møtte og hadde samtalar med fleire gonger, nemleg lithauisk-franske Emmanuel Levinas. Sentral i filosofien hans stod omgrepet "andletet til den andre." Aarnes seier dette om Levinas sine tankar i eit intervju for eit par år tilbake: " Du er ikke henvist til tenkningen og abstraksjonen. Du har et vitne foran deg, og det er medmenneskets ansikt. For meg har det vært veien til og gjennom et godt samfunn, og til evigheten kan man si."
Asbjørn Aarnes si stemme tier no når han har gått ut av tida, men han sette varige spor etter seg i det  han gjekk forbi.

Bilete under er frå ein vinterdag med sol og låg sol på veg til Vestlandet. Det store lyset, men og det vesle lyset som får ansiktet til å skina. Til slutt eit lite sitat frå eit anna intervju med Asbjørn Aarnes.
" Av og til ser jeg et lite oppadgående lys i noens ansikt. Dette lille lyset, det lurer jeg på om er Kristi nåde."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar