lørdag 19. januar 2013

Om musiken vid tystnadens gräns

Det er sagt om Arvo Pärts komposisjoner at  ” Musiken växer ur stillheten och rör sig utefter tystnadens gräns.”   Det er også  utgongspunktet for  den svenske kulturskribenten Torsten Kälvemarks biografi om Pärt  som kom for ein del år sidan, og som har tittelen ”Om musiken vid tystnadens gräns”. Kanskje  ein god karakteristikk av musikk som har nådd langt utover dei få som interesserar seg for samtidsmusikk generelt og sakral musikk spesielt. Kva er det som har gjort Arvo Pärt  så populær?  Musikken hans er enkel, ja ofte ekstremt enkelt, sjølv seier han at det er nok å spela bare ein enkelt tone vakkert. Samstundes er dette musikk med eit stort alvor  i seg , det er musikk full av andeleg lengt og med eit siktepunkt mot det uendeleg og det ævelege.
Arvo Pärts  utgongspunkt og viktigaste inspirasjonskjelde  er Den ortodokse kyrkjas kristendom. Den ortodokse trua har vore avgjerande både for hans musikalske og personlege utvikling. På ein journalist sitt  litt naive spørsmål om kva som er filosofien bak musikken hans svarar Pärt: ” Den som vil förstå mig måste lyssna til min musikk, om någon vill lära känna min ”filosofi” kan han läsa hvilken kyrkofader som helst.”  Men han har og henta inspirasjon frå den vestlege musikk tradisjonen, dei store klassikarane, seinmiddelalderen og renessansen, men framfor alt den gregorianske songen. Karakteristisk nok har Pärt tonesett sentrale katolske tekstar som Magnificat , Te Deum og Salve Regina.
Arvo Pärt  vart fødd i 1935  litt sør for Tallin i Estland der han fekk sin musikalske utdanning. Dei første verka hans frå 1960 talet var eksperimenterande og   prega av collageteknikk og tolvtonemusikk, nokså fjern frå det som ein seinare assosierar han med. Han var   taus i mange år, men frå midten av 1970 talet fekk vi ei rad verk som er karakteristiske for hans no så kjente minimalistiske uttryksform. I mellomtida hadde Arvo Pärt gått igjennom ei andeleg utvikling som kulminerte i 1972 då han og kona Nora konverterte til Den ortodokse kyrkja.  Musikk inspirert av ortodoks kristendom samsvarte dårleg med offisiell sovjetisk kulturpolitikk, han vart oppfordra til å immigrera ,og han og Nora slo seg etterkvart  ned i Wien, seinare i Berlin. Tida framover vart svært produktiv, kvart år kom det nye verk, sist ”Adams lament ” i 2009 og ”Vater unser” i 2011.
Kva er det med  ”tystnaden og stillheten” ?  Spring musikken ut av stillheten, må ein tia før ein talar ?  ”Med tystnad mener jag det intet från vilken Gud skapade världen. Därför er från en idemässig synspunkt stillheten helig.” skriv han ein stad. Kanskje er dette lettare å forstå utfrå ein austleg, ortodoks  ståstad enn frå vår  språk og formuleringsfikserte vestlege kultur.  Dei djupaste sanningane kan ikkje fangast i språket, men vi kan ana dei gjennom musikken og (ikon)kunsten. Det er ikkje logikkens og dogmatikkens språk, men derimot mystikkens.  Arvo Pärts musikk må forståast i ein slik samanheng der bodskapet ikkje kan gripast  med hjernen men med hjarta.
Og musikken er der lenge før noko skriv ned notar, framfører og let andre lytta.
”Allt det som vi med förvåning upptäcker i världen har alltid funnits, styrt av samma lagar. Det som är har varit så sedan tusentals år, långt före Einstein og Newton. Det gäller också musiken. Någonstans finns alltid musiken. En dag kommer någon, lyssnar och skriver ner. Det är så det är.”
 Heldigvis gjer Arvo Pärt det for alle oss som ikkje kan lytta og skriva ned , men som likevel anar ei lita opning mot den andre røyndomen gjennom musikken hans.
 



Arvo Pärt


Treklangens tre tonar er som klokker, difor har Arvo Pärts musikk vorte kalla
”Tinntinnabuli”, latinsk for små klokker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar