onsdag 30. januar 2013

Elisabeth om indre bøn

Den salige Elisabeth Catez (av Treeninigheten) gjev følgjande råd til si mor: ""tre bønner a fem minutter."  Kanskje tenkte ho at mora ikkje  klarte meir, og det er uansett ikkje tida det kjem an på.Men som karmelittnonne vier ho sjølv to timer dagleg til indre bøn ved sida av kommunitetens felles tidebøner og dei liturgiske bøner. Men Elisabeth ønskjer å gjera all verksemd gjennom dagen til bøn. "Alt ligg i intensjonene" seier ho ein stad. "Vi kan hellige de minste ting, og det mest hverdagslige handlinger kan vi forvandles til gudommelige verk." Men ho poengterar likevel at ei lengre stund med indre bøn  fremjar ein djupare kontakt med Herren. Det kvardagslege kjem på avstand, sinnet fell til ro slik at bøna blir "en hvile og en avspenning."
Ifølge Elisabeth har bøna to sentrale element som i praksis ofte er samanfallande. Det første er medvitet om Gud er nær. Han som er over alt og alltid tilstades for oss. Det gjeld bare å stilla seg "i Hans nærver", "under Hans blikk" som ho uttrykkjer det. For Elisabeth "bor i Treenigheten". "Trenigheten , det er vår bolig, der vi hører hjemme, vårt faderhus som vi aldri bør forlate."
Når ei har stilt seg under  "Guds nærver", er den andre grunnleggjande rørsla å gå inn i ein direkte samtale med Han. "Bring din sjel til han." Det kan ein gjera med ord, som takk, lovprisning eller forbøn. Å halda medmennesket opp i lyset frå Guds andlet. Ein kan henvenda seg til ein av dei tre Personane eller til heile Treeinigheten. Men ein kan og be utan ord, " i en fullstendig dyp stillhet." Elisabeth lyttar til Han i tru og ser på Han med eit " blikk fylt kjærlighet" og gjev Han si kjærleiksfulle merksemd. Ei lengre bønestund inneber ofte ei rørsle fram og tilbake mellom merksemd og fråver. Det er noko ein må akseptera. Men så snart ein blir medviten om fråveret kan ein la distraksjonen falla som ein stein, eller ein kan gjera også distraksjonen til bøn. Ein må bare hugsa å venda deg til Gud igjen, han som uansett ikkje har lete oss vera åleine trass i tankar, fråver eller ytre distraksjonar. Dersom ein ikkje finn eigne ord eller distraksjonane blir overveldande kan ein nytta Kyrkjas faste bøner, andeleg lesning  eller rådet ho gav til si yngre søster:" Ta ditt krusifiks, betrakt og lytt."
For Elisabeth er bøna  eit andedrett, ein vedvarande kommunion. Og det er ikkje bare for dei som har klosterkallet, Elisabeth meiner at dette er mogleg også for alle som lever og rører seg midt i verda. For den indre bøna er ein nåde  som ikkje blir nekta den som gjennom tru ber om det. Gløym heller ikkje at Jesus ber i det aller djupaste av ditt hjerte. Til slutt, ver ikkje forundra over Guds gåver. Den Heilage Ande kan gje,  når han vil  og kor lenge. Det fyller deg med lukke og nærver som du aldri kunna ha framkalt med eigne krefter.

"Å mine Tre, mitt alt, min salighet, uendelige Ensomhet, Umåtelighet der jeg mister meg selv, som et bytte overgir jeg meg i deg. Skjul deg dypt i meg, slik at også jeg blir skjult dypt i deg , mens jeg venter på at jeg i ditt lys, skal få skue din storjhets umåtelige dyp."

1 kommentar:

  1. Det er så "rart" for meg korleis søk etter heilt andre ting ledar meg inn på blogginnlegg som dette.
    Takk!

    Ynskjer deg ei God Påske!

    Med venleg helsing Marie/MT

    SvarSlett