fredag 29. april 2011

Poetica:Trieste

Trieste våren 2009.

                                                     Trieste

Morgonsol på hustaka
høgt over alle trange smug
mjauande bakgårdskattar
og fargerik klestørk
no kan vi drikka morgonlufta
smaken av historie, poesi
og fjern uforløyst kjærleik
langt bak mot ganen
den litt beiske smaken
av språk og grenser
som møtest og skillest
møtest og skillest igjen
og så den søte smaken
av sollyset som fell skrått
gjennom lauvverket til
den store platanlønnen
ved inngongen til byparken
der kjærasteparet på benken
under treet møtest
i eit kyss som aldri tek slutt
eller kjennest det bare slik
men det tek slutt likevel
berre havet har ingen ende
og den salte smaken
av Adriaterhavet som også
Rainer Maria Rilke kjente
der han gjekk langs klippene
ute ved Duino borga
og klagesongane vaks i han
ord for det gåtefulle
det uforklarlege ved livet
det sanne livet vi ikkje forstår
og som heller ikkje Rilke forstod
men han rørte ved det
med bleike, tunne hender
og noko vart gjeve vidare
smaken av livet, havet og lengtinga
smaken av Trieste.

Duino borga utanfor Trieste der Rainer Maria Rilke oppheldt seg i periodar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar