Presten og forfattaren Kjell Arnold Nyhus har skreve boka "U Alminnelig " med undertittel " Jon Fosse og mystikken" der han analyserar Jon Fosses forfattarskap i lys av den kristne mystikken. Jon Fosses dramatikk har vekt internasjonal oppsikt og blir spelt på scenar verda rundt. Er det noko her som talar til det moderne rotlause mennesket ? Nyhus meiner at desse tekstane er inspirert av mystikken og står i den same andelege tradisjonen. Mystikken er her ikkje forstått som noko sært og marginalt, men som eit uttrykk for ei grunnleggande livsoppleving som sameinar menneske til alle tidar og alle kulturar. Kanskje kunne ein og seia ei grunnhaldning av tillit, ei forståing av tilveret som meiningsfylt og målretta.
"Når den kristne mystikken kan tale om overgivelsen til Væren, er det fordi den tror at verden veller fram av Guds gode vilje. Verden henger sammen, den er koherent. Mystikkens grunnleggende livsholdning er tillit, og dyp fortrolighet med det som er. Mystikken framstår som meningsløs og absurd om den ikke hadde øye for Guds gode skapervilje.
Denne grunnholdningen ser ut til å stå i kontrast til den livsfølelsen som preger samfunnet i dag. Det henger blant annet sammen med at vi er i ferd med å miste en grunnleggende tiltro til tilværelsen i seg selv.At virkeligheten i bunn og grunn skulle være god og meningsfull har smuldret."
Tilbake har vi i såfall bare redsla? Eller kanskje ikkje ?
Jon Fosse let i skodespelet "Sov du vesle barnet mitt." ein av personane seia til dei to andre når dei ikkje lenger veit kvar dei kjem frå eller kvar dei skal av:
"så ver ikkje redde
Redsla blir borte
Ver ikkje redde
berre ver trygge
Ikkje ver redde"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar