torsdag 3. mars 2011

Såret engel

I Tammerfors domkyrkje heng  måleriet "Såret engel" (Haavoittunut enkeli) av den finske kunstnaren Hugo Simberg (1873 - 1917) Det er måla like etter hundreårsskifte og vart i 2006 kåra til Finlands nasjonalmåleri. Biletet syner to unge menn som ber ei båre mellom seg. Dei   går  langs ein sjø, landskapet er halde i mørke fargar men det sprirer og fram små kvite blomar langs stien dei går. På båra sit ein engel, blodig og bandasjert, han sit med bøygd hovud og held tappert på ein liten blomebukett.
Kjell Arnold Nyhus skriv om første gong han såg dette bilete som 23 åring og om korleis det seinare har følgt han. Han ser på engelen. "Det er en engel, ja, men den er så menneskelig - jeg er ikke i tvil om at den er i slekt med meg selv."
Kva symboliserar dette kunstverket ? Nyhus skriv at han ser seg sjølv i tre personar i  biletet.Først den som såra engelen  med hensikt eller berre uforstand. Men også som gutane som prøver å hjelpa den såra engelen, ta seg av han og bera han med seg . Til sist ser han seg sjølv i  den såra,einsame og kanskje utstøtte engelen .
Våre handlingar og roller skifter, vi kan vera både den som sårar, den som vert såra eller "den miskunnsame samaritanen" som ber engelen med seg heim. Det er ikkje alltid så lett å velga, mange tilfeldigheitar kan spela inn. Men vi er og noko meir enn våre roller og handlingar. Djupast sett er vi i slekt med englar, med det ævelege, det som er og som varer.
"Englane tar meg kvar dag ut av mi forsteining" skriv Jon Fosse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar