søndag 27. mars 2011

Alle skulle bli dronning

Poeten Gabriela Mistral (1889-1957) er vel kanskje lite kjent i dag. Ho var den første forfattaren frå Latin Amerika som fekk Nobelprisen i litteratur, det skjedde like etter krigen i 1945. Poesien ho skreiv er sterkt prega av hennar latinamerikanske identitet og den røyndomen ho vaks opp i Chile i byrjinga på 1900 talet.
Som mestis hadde ho også sine djupe røter i det indianske Amerika. Gabriela Mistral var ikkje bare poet, ho var også  sterkt samfunnsengasjert både nasjonalt i heimlandet Chile, men vel så mykje på den internasjonale arenaen.Ikkje minst barns rettar engasjerte henne sterkt. Ho var ein av pådrivarane for opprettinga av UNICEF men takk nei til leiarvervet. Men det er likevel som poet ho vert hugsa for ettertida. Eit lite utval av dikta hennar er omsette til nynorsk av Tove Bakke.Dikt om heimlandet, om naturen, om barn og kvinners erfaringar. Og om dei draumar som det ikkje vert noko av men som kanskje andre får oppleva som i titteldiktet : Alle skulle bli dronning(Todas ibamos ser reinas)

"Alle skulle bli dronning
 og ha dronningrike ved havet
 Rosalia og Efigenia
 og Lucila og Soledad.

 I den fjellkransa Elquidalen
 mellom hundre fjell eller fleire,
 som stråler som offergåver
 av safran og raudt gull.
 Jublande la vi planar,
 vi heldt det for visst og sant
 at kvar og ei fekk bli dronning
 at alle kom til havet.

(............)

Men høgt oppi Elquidalen
med hundre fjell eller fleire
der song dei, jentene som kom,
der skal nye jenter syngja:

På jord skal vi vera dronningar
og styre rike og land,
og så store er dronningrika
at alle skal komme til havet."


                                                          Gabriela Mistral (1889-1957)
                                                   Frå Elquidalen

                                                    

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar