mandag 21. mars 2011

Morgon og kveld

"..men god det var du,tenkjer Signe og ho ser opp og ho ser kvite skyer på himmelen og ho ser sjøen så roleg i dag lyse blått og Signe tenkjer at du Johannes far, du Johannes far"

Slik er slutten på Jon Fosses roman frå år 2000, "Morgon og kveld." Dottera Signe står ved grava til faren Johannes, fiskaren Johannes og  reflekterar over livet hans. Boka er delt i to.Først dagen Johannes vart fødd sett frå farens synsvinkel, til sist dødsdagen hans sett frå hans eigen synsstad. Det er som i dei fleste av Fosses tekstar lite ytre handling men desto meir  lågmælt dialog, indre monolog,teikn og bilete. Navna er bibelske, fiskarane Johannes og Peter, skomakaren Jakob, Anna og Marta. Jakob skomakar får ein til å tenkja på den store mystikaren skomakaren Jakob Bøhme som levde på 1600 talet, og det er nok og tilsikta frå Fosse si side. Dette er altså ei bok om dei store eksistensielle spørsmåla skreve i eit roleg, dagligdags språk, der rytme, teikn og intervaller understrekar temaet. Morgon og kveld, haust og vår, fødsel og død,alt dette som rammar inne og set grenser for dei små liva våre. Men i Jons Fosses tekst er det ikkje noko skræmande eller angstfylt stilt overfor døden.
"Og du frys ikkje lenger, seier han(den døde venen Peter) Nei, seier Johannes. Og ikkje er du redd heller,seier Peter Nei seier Johannes."
Alt er innbakt i ein samanheng og over det heile ligg eit forsonande lys. Då kan ein gå roleg frå morgon til kveld, frå den første til den siste dagen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar