fredag 31. mai 2024

Carlo Acutis ein ny helgen

 Eg har tidlegare skreve om Den salige Carlo Acutis ( 1991-2006), femtenåringen frå Milano som døydde av leukemi og vart saligkåra av pave Frans i oktober 2020.Det krevst to mirakel for å bli helgen, det første som førte fram til saligkåringa av Carlos var ein treåring frå Brasil med ein alvorleg medfødt tilstand i bukspyttkjertelen. 23.mai i år annonserte pave Frans at eit nytt mirakel er godkjent på forbøn av Den salige Carlos Acutis, ein 21 år gammal student frå Costa Rica vart hardt skadd i ei sykkelulukke.Trass i store og livstrugande hovudskadar har ho på mirakuløst vis kome seg ! Når heilagkåringa skal foregå er ikkje klart, men sannsynlegvis i oktober i år. Carlos er gravlagt i Assisi, han ligg i ei glasskiste kledd i joggebukse og treningssko som den første millenium- helgen. Grava har alt vorte eit pilegrimsmål, Carlos leiar stadig nye personar til tru på Kristus, og ikkje minst til eit sterkare medvit om Kristi nærver i eukaristien. Eukaristien var heilt frå tidleg barndom heilt sentral i Carlos liv, etter førstekommunion som sju åring gjekk han ikkje glipp av eit høve til å ta i mot Kristus i hostien, eller til å meditere framfor tabernakelet. Carlos var som mange unge oppteken av internett og data, ikkje bare som underhaldning, men og som eit middel til å spreia Evangeliet. Han laga ein database over eukaristiske mirakel som stadig eksisterar og som har hatt innverknad på mange  over heile verda.

Carlos Acutis var eit vanleg barn - ein vanleg ungdom, men likevel noko heilt utanom det vanlege. Eit barn så sterkt knytta til Jesus og med  så stor innverknad på alle rundt seg at det er eit mirakel i seg sjølv. Foreldrene var ikkje praktiserande katolikkar, men vart det under påverknad av Carlos. Eit anna døme er familiens aupair med hinduistisk bakgrunn, Carlos påverka både han og hans mor til å ta imot trua og bli døypt.Carlos var og eit sterkt eksempel for sine vener og klassekameratar både som ein som aldri var redd for å vitna om trua, men og som ein som alltid var klar til å visa omsorg for andre.

Når Carlos Acutis om kort tid  blir den første helgen fødd på 1990 talet er det eit sterkt vitnesbyrd ikkje minst for alle unge som kan identifisera seg med denne heilt uvanlege 15- åringen. Eg ser for meg at mange kjem til tru ved Carlos eksempel og forbønn. Ei tru næra av Kristi realpresens i Eukaristien, og Jomfru Marias omsorg, det som var sentrum i Carlos  Acutis korte liv.



torsdag 23. mai 2024

Edith Stein, vår neste kyrkjelærar?

 

Kyrkjelærar er ein ærestittel tildelt av paven til personar som har vist seg som særlig viktige vitner av katolsk tru og praksis.

Vi har 37 kyrkjelærarar, av desse er fire kvinner: Katarina av Siena, Hildegard av Bingen, Teresa av Avila og Thérèse av Lisieux.

Sannsynlegvis vil vi snart få ei femte kvinne utpeikt som kyrkjelærer, Edith Stein (1891 – 1942) -  karmelittnonne, martyr og helgen. Tre av fem vil då tilhøyra karmelittordenen.

Edith Stein med klosternavnet Teresa Benedicta av Korset ocd vart helgenkåra  av pave Johannes Paul i 1998 og same år utnevnt til skytshelgen for Europa. Det har nok over lengre tid pågått ein prosess for å utnevna henne også til kyrkjelærar - doctor ecclesiae, og nyleg var ein delegasjon frå karmelittordenen i Vatikanet og ba spesielt om dette.

Edith Stein er på mange måtar ein unik person i 1900-talets turbulente historie. Fødd i ein jødisk familie med eit uvanleg skarpt intellekt tok ho etter kvart avstand frå religion og erklærte seg som ateist. Ho gjorde akademisk karriere som elev av fenomenologen Edmund Husserl, doktorgraden handla om empati omgrepet.Fleire i hennar omgangskrets konverterte til kristendomen, og etter å ha lese Teresa av Avilas sjølvbiografi innsåg ho at dette var sanninga. 31 år gammal vart ho døypt og vart ein del av det katolske fellesskapet til stor sorg for mora.Sjølv oppfatta ho det ikkje som eit svik mot sin jødiske identitet, tvert imot opplevde ho at ho med dette valet gav henne ein djupare solidaritet med det jødiske folket. Sjølv om ho ikkje lenger var ein del av det fenomenologiske miljøet i akademia, arbeidde ho vidare med filosofien, ikkje minst skolastikken og Thomas Aquinas, ho omsette store delar av hans verk til tysk. Eit klosterkall vaks fram i Edith, og i 1933 gjekk ho inn i karmelittklosteret i Köln - Lindenthal. Året etter vart ho ikledd og i 1938 avla ho sine evige løfter.På denne tida vart det meir og meir utrygt å vera jøde i Tyskland, 9.november fekk vi det som seinare er kalla « Krystallnatta», på slutten av året vart det difor avgjort at Edith skulle overførast til karmelittklosteret i Echt i Nederland. I ettertid veit vi at heller ikkje her var det trygt, i august 1942 vart Edith og søstera Rosa arrestert av Gestapo og sendt til Auschwitz. Sannsynlegvis gjekk dei rett i martyriet 9.august.

I ettertid har det blitt aukande interesse for Edith Stein, naturleg nok som helgen, forbedar og inspirator, men og som filosof. Ho var svært produktiv og hennar skrifter utgjer over 20 band. Det blir stadig skreve artiklar og avhandlingar om hennar verk, og arrangert kongressar og forskningsseminar. Vi ser fram til at ho som den femte  kvinnar blir utnevnt til kyrkjelærar!


« All lovprisning av Gud skjer ved, med og i Kristus. Ved ham, fordi bare ved Kristus har menneskeheten tilgang til Faderen - og fordi Kristi gudmenneskelige vesen og hans gjenløsningsverk er den mest fullkomne forherligelse av Faderen. Med ham, fordi hver ekte bønn både er en frukt av og befester foreningen med Kristus- og fordi all lovprisning av Sønnen samtidig er en lovprisning av Faderen og omvendt.I ham, fordi  den bedende Kirke er Kristus selv, hver enkelt som ber er lem på hans mystiske legeme - og fordi Faderen er i Sønnen, og Sønnen er Faderens avglans som synliggjør Hans herlighet. Den dobbelte betydningen er ved, med og i gir et klart uttrykk for Gud- menneskets formidlerrolle.

Kirkens bønn er den alltid levende Kristi bønn.Dens urbilde er Kristi bønn under hans menneskelige liv.»

( frå artikkelen Kirkens bønn 1936)

onsdag 1. mai 2024

Den heilage Josef handverkaren

 1.mai er innleiing til vårmånaden som er ein Maria- månad. Men i dag er og minnedag for Josef som Maria var trulova  med og som gjennom livet trufast stod ved og verna den vesle familien. Det er lite vi veit om Josef utover det som står heilt kort i evangelia, det er ikkje attgjeve noko han skal ha sagt. Men det kjem fram at Josef var ein from og rettskaffen mann. Minnedagen for Josef vart først markert i karmelittordenen i Italia og Frankrike og var då lagt til hausten. Pave Pius IX erklært i 1870 at Josef var « Universalkirkens beskytter». I 1955 gjorde pave Pius XII 1.mai til ein minnedag for Josef handverkaren. Det var nok meint som ei motvekt mot den sosialistiske markeringa av dagen.

Dagens messe i St.Ansgar var særskilt minneverdig i det ein heil familie vart teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap. Randi og Andreas Ommundsen med barna Johan, Signe og den minste Marta som alt er døypt katolsk. Det vart ein nådefull og vakker sermoni!

Vietnamesisk messe byrja med prosesjon i gatene  med markering av både Josef og Maria. Bileta under er frå denne prosesjonen.

Eit dikt om Josef tømmermannen inspirert av Georges de la Tours måleri.

Dagslyset kverv men

du er enno ikkje ferdig

tilmålte bord ligg klar

alt skal skøytast saman

Oppdragsmannen ventar

men ikkje i tolmod.

Du ropar på guten og han kjem:

«Hineni - her er eg!»

Det blafrande lyset 

i stødige barnehender.

Du bøyer deg

over det krossforma bordet,

grovt trevirke

der naglene eingong skal

skyvast på plass,

og du minnest engelens ord:

« Ver ikkje redd for å ta henne

heim til deg, Josef!»

Draum eller røyndom,

aldri nølande du lydige.










søndag 28. april 2024

Den salige Pier Giorgio Frassati

 I går blei det annonsert frå Vatikanet at Den salige Giorgio Frassati ( 1901- 24) vil bli kanonisert i løpet av året. Han vart saligkåra i 1990 av pave Johannes Paul, og det mangla bare eit mirakel før det siste steget på vegen til å bli erklært som helgen. Navnet hans har vore framme i samband med Verdsungdomsdagen, og han vil bli vernehelgen for denne katolske markeringa, men og for ungdom generelt og for fjellklatrarar.

Han vart fødd i Torino i 1901 i ein ikkje spesielt religiøs familie. Faren var avismann, men og politisk emgasjert, av livssyn agnostiker. Alt i barndomen viste Georgio  omsorg for andre, langt utover det ein kan forventa av eit barn. Som tenåring og seinare student var han sterkt engasjert i sosial arbeid, men han såg og utover dette, og hadde klare meiningar om sosial rettferd og mot den framvaksande fascismen i Italia. « Veldedighet er ikkje nok, vi treng sosiale reformer.» Han var aktiv i katolske organisasjonar som St.Vincent av Paul gruppe og har var legdominikanar. Då han var ferdig med ingeniørstudiet ville faren gje han enten ein ny bil eller eit relativt stor fond, karakteristisk nok valde han det sist med tanke på å kunna bruka pengane på andre og ikkje seg sjølv.

Giorgio Frassati var ein fysisk sprek mann, ein dyktig sømjar, men det var særleg fjellklatring han hadde stor glede av. Han var medlem av Club Alpino Italiano, og klatra på fleire av toppane over 3000 meter i Nord- Italia. Klatreturane  vart og eit høve til å utdjupa venskap gjennom felles bøn, meditasjon og andelege samtalar. På eit bilete frå hans siste fjelltur skreiv han « Verso L’Alto » ( Mot høgdene). Det har blitt eit motto for unge som inspirert av Frassati strebar  etter eit liv « I høgdene» med Kristus. 

Etter ein båttur sommaren 1925 kjente han seg dårleg, og det vart konstantert poliomyelitt. Han døydde få dagar seinare 4. juli 1925 berre 24 år gammal. Trass i sitt korte liv sette han varige spor etter seg. Ei stor folkemengde møtte fram på gravferdsdagen. Ein saligkåringsprosess vart starta alt i 1932, og no vert vi informert om at helgenkåringa vil finna stad i løpet av året vi er inne i no.

Salige  Giorgio Frassati be for oss!

PGF

søndag 21. april 2024

Marie Under - eksilets poet

 « Å hør, hva er det som lyder

og rykker til av min smerte?

Nei, jo det er…..fuglekvitter

som stiger fra krattet hjemme.»

Slik begynner estiske Marie Under ( 1883 - 1980) diktet «I et fremmed land» der ho sit som landflyktig i Stockholm.Små sanseinntrykk minner henne om heimlandet som ho måtte flykta frå i 1945 lik mange estlendarar som ikkje ville bli slavar under kommunismen. I diktet « Et syn» har same tematikk men her er det både heimstaden og barndomen som lengten rettar seg mot.

« Jeg er tilbake.Gjensynsgledens sus

gjennom den kjente poppelrekken.

Det hvite huset dukker fram bak furuer…

Er dette virkelig eller ser jeg det i en drøm?

………………………….

Lenge gikk jeg med døden som følgesvenn.

Nå er jeg hjemme.Kammerset er opplyst

av den store månen som var det fylt av engler

som tar imot min takk.


Jeg er hjemme.Ingenting annet kan jeg se

når jeg full av andakt faller i søvn.

Jeg sovner igjen under juletreet

som stadig tindrer i drømme.»

Marie Under vart fødd i Tallin i 1883, Estland låg då under Russland. I Mellomkrigstida opplevde landet kortvarig sjølvstende, det var ei kulturell blømingstid der estisk språk, litteratur, musikk og song vart løfta fram. Marie Under var ein sentral aktør i estisk kulturliv i denne perioden.I 1940 var det slutt, landet vart okkupert av Sovjetunionen og året etter av Nazi-Tyskland og i 1945 på ny av Sovjetunionen. Estland  opplevde under begge desse regima ein svært  brutal okkupasjon, mange vart drept eller deportert.Etter krigen flykta 70.000 estlendarar vestover, ein av dei var poeten Marie Under. Ho døydde  i 1980  og fekk aldri oppleva å sjå eit fritt heimland igjen. Ho heldt fram med å skriva i eksilet i Stockholm, og vart etterkvart eit samlingspunkt og nasjonalt symbol  for det estiske eksilmiljøet. Dikta hennar vart og smugla inn i heimlandet, ikkje utan risiko. Tyskspråklege Nelly Sachs levde i eksil i Stockholm samstundes med Marie Under, ho var språkleg lettare tilgjengeleg, men innhaldsmessig vanskelegare tilgjengeleg. Ho var heller ikkje sentrum i eit språkleg og kulturelt fellesskap slik Marie Under var det.

Eit lite utvalg av Marie Unders dikt er gjeve ut på norsk under tittelen: « Den søvnløses sang». Det er og tittelen på det lengste diktet i den vesle boka. Ein ser for seg den aldrande forfatterinna som ligg svevnlaus og kjenner på lengten til heimlandet og smerten over det som Estland har måtta gjennomleva. Svevnen er « den vesle død», men no har ho for lengst gått inn til den evige kvila og er hinsides all svevnløysa.

« Tingene har svarte skygger,

de omgir dem som sørgeslør.

Sovende i alle hus,

sengene er kister.

Alle ligger lik hver natt,

alle dør en liten død;ingen

skånes.Bare jeg blir ikke tatt.»




lørdag 20. april 2024

Dorothy Day

 Dorothy Day er det kanskje ikkje så mange som kjenner til, men på 1900 talet var ho utan tvil ein av dei mest kjente katolikkar i USA. Ho vart fødd i New York i 1897, familien var episkopale men ikkje spesielt religiøst interesserte.Ho vart tidleg politisk engasjert på venstresida, ein engasjement ho beheldt livet ut. Ho var fredsaktivist og pasifist også under verdskrigen, ho var oppteken av rettferd for dei fattige og undertrykte. Engasjementet var ikkje berre ord i hennar virke som journalist, men og aksjonar med sivil ulydnad som førte til fleire kortare fengselsopphald. Saman med Peter Maurin grunnla ho Catholic Worker- rørsla, ein pasifistisk organisasjon som med ikkje valdeleg middel arbeidde for fred og sosial rettferd.

Som ung levde ho eit turbulent og uryddig liv, men var nok frå tidleg alder religiøst søkjande. Som ung budde ho hos ein katolsk familie som tok henne med til messe, men ikkje tok initativ utover det. Pardoksalt nok var det ein kommunistisk ven som gav henne ein rosenkrans, og inspirerte henne til å be sjølv om ho ikkje heilt visste korleis. Dottera Tamars fødsel i 1926 vart eit vendepunkt for Dorothy, ho opplevde ei store glede og takksemd over livet, og valgte å få dattera døypt. Året etter vart ho også sjølv ein del av Kyrkjas fulle fellesskap. Dorothy innsåg at Kyrkja er Kristi mystiske lekam i denne verda, og sånn sett ei kjelde til hennar største og djupaste glede. Men ho såg og klart at Kyrkja har ei menneskeleg side, ho består av syndarar som stadig vekk kjem til kort. Etter kort tid byrja ho å skriva i katolske publikasjonar og ho grunnla tidsskriftet The Catholic Worker. Ho har skildra sin veg til Kyrkja i boka The long loneliness.

Dorothy Day levde sitt sterke engasjement livet ut, men som ofte er tilfelletdei mest aktive i det ytre har ofte eit tilsvarande rikt indre liv. « Uten bønn kunne vi ikke fortsatt.Bønn er like viktig for sjelen som pusten er for kroppen» skriv ho i 1969. Frå 1972 er dette sitatet:« Skriften på den ene siden og eukaristien , Ordet som ble kjød, på den annen bærer i seg en kraft som ingen jordisk makt kan stå imot.»

« Ikke kall meg helgen» skal Dorothy Day ha sagt. Dei som kjente henne  var ikkje i tvil  om  at ho var ein helgen,  ikkje eit sukkersøtt glansbillede av ein helgen, men eit syndig menneske av kjøtt og blod som klarer å vera lydig og bli eit vitnesbyrd for verda  om den krossfesta og oppstandne Kristus. Dorothy var ein samansett person med sterke men og svake sider, men det er ikkje tvil om at ho var ei  from kvinne som verkeleg tok Kristi ord på alvor:« Det de har gjort for ein av mine minste har de gjort for meg.» I år 2000 opna pave Johannes Paul ein saligkåringsprosess for Dorothy Day og ho fekk tittelen Guds tjenerinne. 


Biografi om Dorothy Day på St. Olav forlag 2018.

onsdag 17. april 2024

Kva betyr misjon i 2024 ?

 Under Misjon 2030 arrangementet i Trondheim måtte eg trå til og framføra Anne Samuelsen sitt fine foredrag: « Hva betyr misjon i det Herrens år 2024?»

Innleiingsvis tek ho opp det som er den raude tråden i foredraget nemleg : « Bønn som misjon .» Bøn er ingen pliktøving før ein kastar seg ut i hektisk aktivitet, bøn spring ut av påskeerfaringa og er møte og venskap med Kristus! Vi har arven frå Olav den heilage, men vi har og moderne helgenar som Carlo Acutis som døydde i 2006 bare 15 år gammal. Eukaristien var midtpunktet i livet hans og han karakteriserte det som « ein motorveg til himmelen.» Han er ein sterk inspirator til misjon, til å dela evangeliet. Resten av foredraget var inndelt i tre, først litt om misjonsomgrepet med vekt på at alle er kalt til misjon, det er ikkje ei oppgåve for bare prestar og ordensfolk , men for alle katolikkar slik det er formulert i dekretet Lekfolkets apostolat frå Det andre Vatikankonsilet. Andre del var ei understreking av bøn som ein integrert del av all misjon. Det er formulert av Karl Borromeo: « den bønn som går forut for alle våre handlinger, som ledsager og etterfølger den.» Det er ikkje alle som er kalt til å gå ut og forkynna evangeliet med ord, men likevel kan bidra med bønas apostolat i Teresa av Avilas ånd. Spesielt gjeld dette dei som av ulike grunnar er satt det side for det aktive livet gjennom alder, sjukdom eller andre grunnar. Her kan ein dra fram Thérèse av Lisieux som det kanskje klåraste døme. Sjølv fekk ho ikkje oppleva å bli misjonær, men som sjuk og døyande kunne ho leva bønas apostolat! For dei fleste blir det likevel  ei veksling mellom bøn og aktivt liv, men heile tida som mål: « Å åpenbare Kristi ansikt for verden.»

Siste del er den mest personlege del av foredraget med vekt på Annes erfaringar frå St.Paul menighet i Bergen gjennom 25 år. Ho legg ikkje skjul på at det kan vera vanskeleg, satt litt på spissen seier ho det slik: « Ønsker du et behagelig liv med glede over å ha fått til noe, så hold deg unna opplæring i menigheter og misjon.» Nei, det er på ingen måte lova at det skal vera lett og våre vegar er ofte ikkje Guds vegar. Men vi er kalt til å « bringe fattige det glade budskap», og det inneber å ta sitt kors opp og følgja Kristus.