fredag 31. mai 2024

Carlo Acutis ein ny helgen

 Eg har tidlegare skreve om Den salige Carlo Acutis ( 1991-2006), femtenåringen frå Milano som døydde av leukemi og vart saligkåra av pave Frans i oktober 2020.Det krevst to mirakel for å bli helgen, det første som førte fram til saligkåringa av Carlos var ein treåring frå Brasil med ein alvorleg medfødt tilstand i bukspyttkjertelen. 23.mai i år annonserte pave Frans at eit nytt mirakel er godkjent på forbøn av Den salige Carlos Acutis, ein 21 år gammal student frå Costa Rica vart hardt skadd i ei sykkelulukke.Trass i store og livstrugande hovudskadar har ho på mirakuløst vis kome seg ! Når heilagkåringa skal foregå er ikkje klart, men sannsynlegvis i oktober i år. Carlos er gravlagt i Assisi, han ligg i ei glasskiste kledd i joggebukse og treningssko som den første millenium- helgen. Grava har alt vorte eit pilegrimsmål, Carlos leiar stadig nye personar til tru på Kristus, og ikkje minst til eit sterkare medvit om Kristi nærver i eukaristien. Eukaristien var heilt frå tidleg barndom heilt sentral i Carlos liv, etter førstekommunion som sju åring gjekk han ikkje glipp av eit høve til å ta i mot Kristus i hostien, eller til å meditere framfor tabernakelet. Carlos var som mange unge oppteken av internett og data, ikkje bare som underhaldning, men og som eit middel til å spreia Evangeliet. Han laga ein database over eukaristiske mirakel som stadig eksisterar og som har hatt innverknad på mange  over heile verda.

Carlos Acutis var eit vanleg barn - ein vanleg ungdom, men likevel noko heilt utanom det vanlege. Eit barn så sterkt knytta til Jesus og med  så stor innverknad på alle rundt seg at det er eit mirakel i seg sjølv. Foreldrene var ikkje praktiserande katolikkar, men vart det under påverknad av Carlos. Eit anna døme er familiens aupair med hinduistisk bakgrunn, Carlos påverka både han og hans mor til å ta imot trua og bli døypt.Carlos var og eit sterkt eksempel for sine vener og klassekameratar både som ein som aldri var redd for å vitna om trua, men og som ein som alltid var klar til å visa omsorg for andre.

Når Carlos Acutis om kort tid  blir den første helgen fødd på 1990 talet er det eit sterkt vitnesbyrd ikkje minst for alle unge som kan identifisera seg med denne heilt uvanlege 15- åringen. Eg ser for meg at mange kjem til tru ved Carlos eksempel og forbønn. Ei tru næra av Kristi realpresens i Eukaristien, og Jomfru Marias omsorg, det som var sentrum i Carlos  Acutis korte liv.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar