torsdag 23. mai 2024

Edith Stein, vår neste kyrkjelærar?

 

Kyrkjelærar er ein ærestittel tildelt av paven til personar som har vist seg som særlig viktige vitner av katolsk tru og praksis.

Vi har 37 kyrkjelærarar, av desse er fire kvinner: Katarina av Siena, Hildegard av Bingen, Teresa av Avila og Thérèse av Lisieux.

Sannsynlegvis vil vi snart få ei femte kvinne utpeikt som kyrkjelærer, Edith Stein (1891 – 1942) -  karmelittnonne, martyr og helgen. Tre av fem vil då tilhøyra karmelittordenen.

Edith Stein med klosternavnet Teresa Benedicta av Korset ocd vart helgenkåra  av pave Johannes Paul i 1998 og same år utnevnt til skytshelgen for Europa. Det har nok over lengre tid pågått ein prosess for å utnevna henne også til kyrkjelærar - doctor ecclesiae, og nyleg var ein delegasjon frå karmelittordenen i Vatikanet og ba spesielt om dette.

Edith Stein er på mange måtar ein unik person i 1900-talets turbulente historie. Fødd i ein jødisk familie med eit uvanleg skarpt intellekt tok ho etter kvart avstand frå religion og erklærte seg som ateist. Ho gjorde akademisk karriere som elev av fenomenologen Edmund Husserl, doktorgraden handla om empati omgrepet.Fleire i hennar omgangskrets konverterte til kristendomen, og etter å ha lese Teresa av Avilas sjølvbiografi innsåg ho at dette var sanninga. 31 år gammal vart ho døypt og vart ein del av det katolske fellesskapet til stor sorg for mora.Sjølv oppfatta ho det ikkje som eit svik mot sin jødiske identitet, tvert imot opplevde ho at ho med dette valet gav henne ein djupare solidaritet med det jødiske folket. Sjølv om ho ikkje lenger var ein del av det fenomenologiske miljøet i akademia, arbeidde ho vidare med filosofien, ikkje minst skolastikken og Thomas Aquinas, ho omsette store delar av hans verk til tysk. Eit klosterkall vaks fram i Edith, og i 1933 gjekk ho inn i karmelittklosteret i Köln - Lindenthal. Året etter vart ho ikledd og i 1938 avla ho sine evige løfter.På denne tida vart det meir og meir utrygt å vera jøde i Tyskland, 9.november fekk vi det som seinare er kalla « Krystallnatta», på slutten av året vart det difor avgjort at Edith skulle overførast til karmelittklosteret i Echt i Nederland. I ettertid veit vi at heller ikkje her var det trygt, i august 1942 vart Edith og søstera Rosa arrestert av Gestapo og sendt til Auschwitz. Sannsynlegvis gjekk dei rett i martyriet 9.august.

I ettertid har det blitt aukande interesse for Edith Stein, naturleg nok som helgen, forbedar og inspirator, men og som filosof. Ho var svært produktiv og hennar skrifter utgjer over 20 band. Det blir stadig skreve artiklar og avhandlingar om hennar verk, og arrangert kongressar og forskningsseminar. Vi ser fram til at ho som den femte  kvinnar blir utnevnt til kyrkjelærar!


« All lovprisning av Gud skjer ved, med og i Kristus. Ved ham, fordi bare ved Kristus har menneskeheten tilgang til Faderen - og fordi Kristi gudmenneskelige vesen og hans gjenløsningsverk er den mest fullkomne forherligelse av Faderen. Med ham, fordi hver ekte bønn både er en frukt av og befester foreningen med Kristus- og fordi all lovprisning av Sønnen samtidig er en lovprisning av Faderen og omvendt.I ham, fordi  den bedende Kirke er Kristus selv, hver enkelt som ber er lem på hans mystiske legeme - og fordi Faderen er i Sønnen, og Sønnen er Faderens avglans som synliggjør Hans herlighet. Den dobbelte betydningen er ved, med og i gir et klart uttrykk for Gud- menneskets formidlerrolle.

Kirkens bønn er den alltid levende Kristi bønn.Dens urbilde er Kristi bønn under hans menneskelige liv.»

( frå artikkelen Kirkens bønn 1936)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar