søndag 19. juni 2022

Corpus Christi

 Vi feirar i dag Corpus Christi eller på norsk Kristi Lekamsfest. Feiringa skriv seg tilbake til 1200 talet, og skal ha sin bakgrunn i den salige Juliana av Mont Cornillon som skal ha hatt ein visjon der ho såg ein fullmåne der det var brekt av eit stykke. Ho fekk i ein ny visjon der ho såg at tydinga var at det mangla ein festdag for Kristi lekam i kyrkjeåret. Frå Liege spreidde denne feiringa seg utover i heile kyrkja, og frå slutten av 1200 talet vart det vanleg med sakramentsprosesjonar gjennom gatene. Ved reformasjonen vart det slutt på dette i Norge, men dei siste året har skikken teke seg opp igjen i mange norske byar. I dag fekk vi endeleg gå i prosesjon igjen etter to års opphald under pandemien. I St.Ansgar vart dagen markert med høgtideleg latinsk høgmesse og så prosesjon med sang på ulike språk frå den verdensvide kyrkja. Undervegs stopp på tre utendørsalter med tilbeding, skriftlesing og bøner. Mange hundre deltok i denne sermonien som primært er ei tilbeding av at Kristus er reellt tilstades i det konsekrerte brødet og vinen,










Thomas Aquinas skriv: «Intet annet sakrament er mer frelsesbringende enn dette.Her vaskes syndene bort, dydene styrkes og sinnet mettes med en overflod av alle slags åndelige nådegaver. Det bæres frem i Kirken både for levende og døde,slik at det som ble innstiftet til alles frelse, kan tjene til alles beste.»

onsdag 8. juni 2022

Italiensk poesi:Guiseppe Ungaretti

 Italiensk litteratur er ikkje så kjent i Norge, og særleg ikkje italiensk poesi. Lite er nok omsett til norsk, og ikkje så mange er istand til å lesa italiensk. Eg kom over ei lita bok med omsette dikt av dei tre store i førre hundreår, Montale, Quasimodo og Ungaretti. Dei stod for ei symbolistisk retning som vart kalla hermetisme som nok kunne oppfattast som lukka og lite tilgjengeleg. Kanskje er Ungaretti den lettast tilgjengelege av desse tre, særleg dei korte dikta skreve i skyttergravene under første verdskrig gjer inntrykk og dei er lette å hugsa!

Ungaretti vart fødd i 1888 i Alexandria, der faren var med på bygginga av Suez-kanalen. Han gjekk på fransk skule, og kom som ung mann til Paris som student. Han var nok påverka av fransk litteratur og filosofi, ikkje så rart med Henri Bergson som lærar og venskap med Guillaume Appolinaire! Då Italia kom med i krigen meldte han seg til militærteneste og deltok i krigen ved Carso fronten. Her skreiv han små dikt i korte pauser mellom krigshandlingar. Dikta representerte noko nytt både i form og innhald, dei vart korte, utan rim og rytme, og med uvante metaforar. Dei har vorte samanlikna med japanske Haiku- dikt. Dei vart utgjeve med den tilsynelatande paradoksale tittelen L`allegria- glede. Etter krigen reiste han igjen til Paris og gifte seg med ei fransk kvinne. Eit par år seinare flytte dei til Roma der han arbeidde som journalist. På slutten av 1930 talet var han i Brasil som professor i italiensk. Her mista han ein son på ni år, noko som kom til å prega Ungaretti i lang tid. Det er mykje smerte i Ungarettis poesi både på det personleg plan med og i større samanheng representert ved dei to brutale verdskrigane. Døden, natta, ørkenen, skyttergravene men og glede, sommarlyset, dei gode minna. Han  sleit med religiøs uro og tvil, men etter ei krise i 1925 fann han tilbake til katolosismen. Den siste diktsamlinga har karakteristisk nok tittelen La terra promessa - Det lova landet.

Mattina

M`illumino

d`immenso

(Jeg lyses opp av uendeligheten)


Un`altra notte

(En annen natt)

I dette mørkre

med frosne hender

skjelner jeg

mitt ansikt

Jeg ser meg 

forlatt i uendeligheten


Soldati

(Soldati)

Si sta come
d'autunno
sugli alberi
le foglie

De er som

blader

på trærne

om høsten


Allegria de naufragi

(Skipbrudnes glede)

Og straks tar han fatt

på reisen igjen

som

en overlevende

sjøulk

etter forliset


Ø


tirsdag 7. juni 2022

I fotspora til Den heilage Faustina

 Den heilage Faustina var fødd Helena Kowalska og kom frå landsbyen Glogowiec i Polen. Ho var den tredje av ti barn i ein fattig bondefamilie, og kom til verda 25.august 1905. Ho fekk navnet Faustina som ho seinare er kjent under då ho i 1924 gjekk inn i ordenen « Søstre av den salige Jomfru Maria av Barmhjertigheten.»  Faustina var ein visjonær mystiker med djup andeleg innsikt. Mest kjent er hennar Kristus visjon 22.februar 1931, Jesus Kristus skal då ha vist seg for henne og bedt om at det måtte innførast ein spesiell feiring av «Den guddommelige barmhjertighet» på søndag etter påske, og at dette bodskapet skulle spreiast over heile verda. I denne visjonen såg ho Kristus i kvitt og  med kvite og raude stråler som gjekk ut frå hjerteregionen. «Mal eit bilete som viser det du ser med signaturen: « Jezu, ufam Tobie» ( Jesus, eg stoler på deg)». Faustina kunne ikkje sjølv måla bilete, men då ho seinare kom til eit kloster i Vilnius fekk ho via skriftefaren Den salige Mikael Sopocko kontakt med kunstnaren  Eugen Kazimierowski , som måla bilete etter søster Faustinas anvisning. Bilete som er kjent som « Den guddommelige barmhjertighet» vart plassert i kapellet for Ostra Brama ( Morgengryets port) i Vilnius. Seinare vart det flytta rundt omkring inntil det i 2005 fekk sin plass i det vesle kapellet vigd til « Den guddomelige barmhjertighet» sentralt i Vilnius. Kapellet er døgnåpent og her er alltid truande som ber. Bilete er seinare blitt kjent i kopiar over heile verda, og har vorte utgangspunkt for andakt retta til « Den guddommelige barmhjertighet». Første søndag etter påske - Miskunnssøndag- blir dette markert spesielt.

Søster Faustina vart ikkje gammal, ho døydde i 1938 berre 33 år. Ho skreiv heile livet dagbok  med skildringar og refleksjonar over sin visjonar og andelege erfaringar. I 1993 vart ho saligkåra og i år 2000 heilagkåra, begge deler av pave Johannes Paul II som tidleg hadde vorte merksam på henne og nok var ein pådrivar for at saligkåringsprosessen kom i gong. Det er seinare og teke initativ for å utnevna henne til den fjerde kvinnelege kyrkjelærar.

Søster Faustina døydde og vart gravlagt i Krakow, men i Vilnius finn vi og mange spor etter henne. Ho oppheldt seg her i 1929 og frå 1933 - 36, og det var her maleriet av Kristus vart fullført.  Ein kan følgja i fotspora hennar som ei pilegrimsvandring og det er gjeve ut eit lite hefte med kart, bøner og utdrag frå dagboka. « The way of Mercy. In the footsteps of St. Faustina, blessed M.Sopocko and St.Jon Paul II in Vilnius» Pilegrimsvandringa starter ved Ostra Brama og ender i Peter og Paulus kyrkja. På vegen er ein innom kapellet der bilete heng over alteret og dessutan den einaste bygning som står at i klosteret der ho oppheldt seg. Det gjer inntrykk å stå i rommet som var klostercella hennar. Ein kan avslutta vandringa med KGB museet og sjå det martyrium det litauiske folket har opplevd!  Vi har lokalkjent guide som leiar oss i St.Faustinas fotspor og gjev innsikt i hennar andelege veg.


Klosteret der Faustina oppheldt seg 1933-36


Pilegrimsvandringa

Kapellet med det orginale bilete






fredag 3. juni 2022

Litauisk poesi: Indre Valantinaite

 Litauisk poesi er ikkje så kjent i Norge. I siste nummer av Dag og Tid har Håvard Rem eit intervju med den unge litauiske poeten Indre Valantinaite. Ho er fødd i Kaunas i 1984 og studerte kunst ved Universitetet i Vilnius. Ho debuterte i 2006 med boka som på engelsk har tittelen " Of Fish and Lilies", og har seinare gjeve ut fleire diktsamlingar. Ho er og songar og TV journalist. Så vidt eg kan sjå er ikkje noko omsett til norsk men på  Lyrik-line  ligg ti dikt av henne som er omsett til ulike språk. Det er er historie i dikta hennar, både eiga historie, slekta og landet. "Vi er vandrande romanar" seier ho. I historia er det også alltid smerte, men "Gode dikt lyg ikkje. Eg finn styrke i dikta. Og i trua. Dikt og bøn lækjer. Eg er eit religiøst menneske" fortel ho vidare.

I diktet  "Freedom Boulevard" (Fridomsbulevarden ) refererar det til gata i Kaunas der besteforeldrene budd og bestemora tok livet sitt.

Laisvės alėja

Senamiestyje, name,
kuriame tarpukariu gyveno
mano močiutė ir gimė tėvas,

po palėpe, kurioje jie badavo,
įrengtas madingas restoranas,

kurio atidaryme aš,
su įmantriausiu maistu burnoje
ir keistos kaltės jausmu pilve,

tik lubomis teatskirta nuo erdvės,
kurioje ji paliko raštelį,

žieduota ranka keliu taurę prie lūpų
ir švenčiu gyvenimą
už mus abi.

© Indrė Valantinaitė
From: Trumpametražiai
Vilnius: Alma littera, 2017
ISBN: 9786090129142
Audio production: Lithuanian Culture Institute, recorded at dropaudio studio, 2019

Freedom Boulevard

In the Old Town house where
my grandmother lived between
the wars and my father was born –

under the loft in which they starved,
a trendy restaurant has set up shop.

I attend the opening, standing with
pretentiously prepared food in my mouth
and a strange feeling of guilt in my belly.

for only the ceiling separates this space
from the one in which she left her note.

Lifting a glass with a banded hand,
I celebrate life
for both of us.

Translated from Lithuanian by Rimas Uzgiris
,


I Sleptuve - Hiding place  - Gøymestad  ligg Litauens blodige historie mellom linjene. Den brutale utryddinga av jødar, men ikkje berre mørkre  og dei som berga dei forfølgde med eige liv som innsats.

Hiding Place

This year I moved
for the fifth time in my life.
It’s a building that once belonged to a convent
to which a board is attached
naming the Righteous Among the Nations.
More than a few Jews were hidden
and saved between these walls.

Friends said,
“Oh, how peaceful it is here, but
how much fear these walls have known!”

In reply, I answered,
“But how much courage permeates this space,
and the gratitude of all the lives saved!”

Yesterday, I had tea
with my elderly neighbor.
A closet in her bedroom.
A mirror in the closet.
It’s edges have blackened from
the humidity of human sighs.
Breathing in hope, breathing out fear.
One after the other in equal measure.
No one could know how
that dark history would end.

There is no threat to my life.
I am well fed, healthy. No one persecutes me.
Uniformed men do not march in the streets.

It is love that swiftly quivers under my skin.
I breathe in hope and breathe out fear.
Both in equal measure.

I diktet  Kryzelis - A cross er  det referansar til eigen barndom men  og foreldre og besteforeldrene. Trua, den katolske  trua som  ein så sentral referanse i Litauen.

A Cross

A cross above my parent’s bed,
A cross above my parent’s parent’s bed.

A cross between my tiny mounds
On First Communion Day.

I learned the Commandments by heart,
but couldn’t curb my jealousy
of Lina D’s prettier dress.

I recited the prayers like poems,
confessed all my sins,
and was certain I wouldn’t sin again.

I was eleven then.



Monument over Vincas Kudirka ( 1858 - 99) som stod for både tekst og tone til Litauens nasjonalhymne.

tirsdag 31. mai 2022

Klosterlasse

Det er ikkje mange historiske spor etter nordmenn i Riga og Vilnius med eit viktig unntak : Lauritz Nielssøn - Laurentius Nicolai Norvegus - best kjent under kallenavnet Klosterlasse. Han er vel også den einaste nordmann som markerte seg internasjonalt på 15-1600 talet. I år var det firehundre år siden han døydde i Vilnius i Litauen og vart gravlagt i St. Johannes kyrkja på universitetsområdet. Dette vart markert i Tønsberg med seminar, minneplate avduka av Litauens ambassadør og ei gate oppkalt etter Klosterlasse som vart fødd i Tønsberg i 1538. Han hadde opphalde seg i Riga sidan 1610 men då svenskekongen Gustav II Adolf erobra byen i 1621 var det ikkje lenger plass for jesuittar. Kongen skal sjølv ha forhøyrt jesuittane og då han kom til Klosterlass skal han ha sagt: « Din helvetes gubbe, lever du fremdeles?» Den meir enn åttiårige jesuitten skal ha gjeve kongen eit klart svar på tiltale. Etter at han kom til Vilnius skal Klosterlasse halde fram med lærde forelesningar. Året etter døydde han 84 år gammal, etter å ha levd eit uvanleg spennande og omflakkande liv i heile Europa. Heimbyen Tønsberg kom han aldri tilbake til!

Faren var ein velståande, og Lauritz fekk høve til høgste utdanning, først i Oslo, så København og frå 1558 i Louvain i Belgia. I Louvain vart han kjent med katolisismen og konverterte til sine fedres religion( han var fødd bare eit år etter reformasjonen). Lauritz gjekk etterkvart inn i jesuittordenen og vart prestevia i 1565. Han studerte teologi og filosofi, og viste seg som svært evnerik. Han utmerka seg både som vitskapsmann, forelesar, sjelesørgar og predikant. Piscator animarum - sjelefiskar kalla studentane han. Klosterlasse vart ein sentral person i Motreformasjonen der målet var å vinna Norden tilbake til katolisismen. Han gjorde framstøyt både i Sverige og Danmark som var mislukka, tilbake til Norge kom han aldri. Han verka så i mange byar i Europa før han endte opp i Riga og til slutt Vilnius. Han var lenge gløymt før mellom anna teologen Oskar Garstein løfta han fram i lyset med ein omfattande biografi. I 1998 avduka kong Harald ei minnetavle over Klosterlasse i kyrkja der han ligg gravlagt (bilete under).










Korshøgda

 Korshøgda - Kryziu kalnas - The hill of crosses er eit høgdedrag nord for byen Siaulai nord i Litauen,noko over  to timars kjøring frå Vilnius. Høgda er dekka av tusenvis av kors i ulik størrelse og det vert stadig fleire. Mange av dei som kjem som turistar eller pilegrimar set ned eit lite kors som ei bøn eller eit minne. Dei første korsa vart sett opp her alt på 1800 talet. Etter dei to opprøra i 1831 og 1863 fann mange familiar ikkje sine døde slektningar, og det vart sett opp symbolske kors på denne høgda. På byrjinga av 1900 talet var her eit par hundre kors, noko som auka til 5000 i 1960 då kommunistregimet med bulldoser fjerna alle korsa, dei kom snart opp igjen som ein stille protest mot det undertrykkande regimet. Dei gjorde nye forsøk på 1970 talet , men på ny sette folk opp kors, og seinare har det bare blitt fleire og fleire. 7.september 1993 vitja pave Johannes Paul korshøgda og erklærte at det var ein stad for von, fred og kjærleik! Det er sett opp eit minnesmerke for denne vitjinga. I år 2000 vart eit fransikanerkloster innvigd eit par hundre meter frå korshøgda. Frå klosterkyrkja er  det eit vindauga bak alteret med utsyn mot korshøgda. ( sjå bilete under).

Det var ei spesiell oppleving å gå rundt på korshøgda og setja ned kors som ei bøn om fred og forsoning. Dette er framover alt ein plass for bøn, kvart kors representerar ei lita bøn bore fram av dei som sette ned korset.

Ave Crux, Spes Unica!





















søndag 22. mai 2022

Lyset du treng finst

Eg les lyrikaren  Helge Torvund og føl han på twitter. "Lyset du treng finst" som er dikt i utval like frå han debuterte med  "Hendene i byen" i 1977 til den siste diktsamlinga  "Liljevilje" som eg har fått i fullstendig utgåve. " I lyset du treng finst" er det utdrag frå over tjue diktsamlingar. Det blir ikkje lese mykje lyrikk i vår tid, men enkelte lyrikarar når lengre ut enn andre, dikta deira vert bruksdikt som vert sitert i ulike samanhengar. Ein kan nevna Hans Børli, Rolf Jacobsen, Kolbein Falkeid, og eg ser for meg at Helge Torvund frå Jæren og høyrer til denne gruppa ! At han regelmessig legg ut dikt, sitat og bilete på twitter bidreg nok og til dette, men hovudgrunnen er vel at han skriv slik at når ut til vanlege folk, at dei kjenner seg igjen i det hans skriv. Ja, det er bruksdikt som ein kan henta styrke og oppmuntring frå. Diktinga hans er sanseleg, og då inneber det alle våre sansar, lukta av syrin om våren, smaken av solvarme bringebær, synet av dei glitrande rullesteinane, musikken til Arvo Part i bakgrunnen i eit hus fullt av kvardagslege lydar.

"Snart er den korte syrinsesongen her."

"Kirsebærbløminga er alt over middagshøgda "

"Dei kalde klare frostmorgonane er borte."

"Ikkje ein lyd mellom grøne grasstrå."

"Vibrerande vårknoppar i frostlys oppover morgonknausane."


Eit dikt i "Liljevilje" eg likar særleg godt er "Då du runda svingen"

"Det var den same verda

som møtte deg då du var barn:

Angen av jord, strå av gras og lyset over steinane.


Og likvel - du er ein annan, er du ikkje ?

Alle du møtte, alt du gjennomlevde -

Det må jo hatt noko å seia ?


Ein dag var ho svanger, ein dag var de

på  ei båtreise, ein dag åt de kreps

ved eit fjell med mose og lyng.


Barna sprang bortover grusgangen

og kvarv bak ein sving.

Då du runda svingen, var dei vaksne.


Alle bøkene, kunnskapen du tileigna deg .

Morgonen gryr og verkar totalt uninteressert i kva du veit.

Angen av liljer smiler."