tirsdag 31. mai 2022

Klosterlasse

Det er ikkje mange historiske spor etter nordmenn i Riga og Vilnius med eit viktig unntak : Lauritz Nielssøn - Laurentius Nicolai Norvegus - best kjent under kallenavnet Klosterlasse. Han er vel også den einaste nordmann som markerte seg internasjonalt på 15-1600 talet. I år var det firehundre år siden han døydde i Vilnius i Litauen og vart gravlagt i St. Johannes kyrkja på universitetsområdet. Dette vart markert i Tønsberg med seminar, minneplate avduka av Litauens ambassadør og ei gate oppkalt etter Klosterlasse som vart fødd i Tønsberg i 1538. Han hadde opphalde seg i Riga sidan 1610 men då svenskekongen Gustav II Adolf erobra byen i 1621 var det ikkje lenger plass for jesuittar. Kongen skal sjølv ha forhøyrt jesuittane og då han kom til Klosterlass skal han ha sagt: « Din helvetes gubbe, lever du fremdeles?» Den meir enn åttiårige jesuitten skal ha gjeve kongen eit klart svar på tiltale. Etter at han kom til Vilnius skal Klosterlasse halde fram med lærde forelesningar. Året etter døydde han 84 år gammal, etter å ha levd eit uvanleg spennande og omflakkande liv i heile Europa. Heimbyen Tønsberg kom han aldri tilbake til!

Faren var ein velståande, og Lauritz fekk høve til høgste utdanning, først i Oslo, så København og frå 1558 i Louvain i Belgia. I Louvain vart han kjent med katolisismen og konverterte til sine fedres religion( han var fødd bare eit år etter reformasjonen). Lauritz gjekk etterkvart inn i jesuittordenen og vart prestevia i 1565. Han studerte teologi og filosofi, og viste seg som svært evnerik. Han utmerka seg både som vitskapsmann, forelesar, sjelesørgar og predikant. Piscator animarum - sjelefiskar kalla studentane han. Klosterlasse vart ein sentral person i Motreformasjonen der målet var å vinna Norden tilbake til katolisismen. Han gjorde framstøyt både i Sverige og Danmark som var mislukka, tilbake til Norge kom han aldri. Han verka så i mange byar i Europa før han endte opp i Riga og til slutt Vilnius. Han var lenge gløymt før mellom anna teologen Oskar Garstein løfta han fram i lyset med ein omfattande biografi. I 1998 avduka kong Harald ei minnetavle over Klosterlasse i kyrkja der han ligg gravlagt (bilete under).










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar