søndag 22. mai 2022

Lyset du treng finst

Eg les lyrikaren  Helge Torvund og føl han på twitter. "Lyset du treng finst" som er dikt i utval like frå han debuterte med  "Hendene i byen" i 1977 til den siste diktsamlinga  "Liljevilje" som eg har fått i fullstendig utgåve. " I lyset du treng finst" er det utdrag frå over tjue diktsamlingar. Det blir ikkje lese mykje lyrikk i vår tid, men enkelte lyrikarar når lengre ut enn andre, dikta deira vert bruksdikt som vert sitert i ulike samanhengar. Ein kan nevna Hans Børli, Rolf Jacobsen, Kolbein Falkeid, og eg ser for meg at Helge Torvund frå Jæren og høyrer til denne gruppa ! At han regelmessig legg ut dikt, sitat og bilete på twitter bidreg nok og til dette, men hovudgrunnen er vel at han skriv slik at når ut til vanlege folk, at dei kjenner seg igjen i det hans skriv. Ja, det er bruksdikt som ein kan henta styrke og oppmuntring frå. Diktinga hans er sanseleg, og då inneber det alle våre sansar, lukta av syrin om våren, smaken av solvarme bringebær, synet av dei glitrande rullesteinane, musikken til Arvo Part i bakgrunnen i eit hus fullt av kvardagslege lydar.

"Snart er den korte syrinsesongen her."

"Kirsebærbløminga er alt over middagshøgda "

"Dei kalde klare frostmorgonane er borte."

"Ikkje ein lyd mellom grøne grasstrå."

"Vibrerande vårknoppar i frostlys oppover morgonknausane."


Eit dikt i "Liljevilje" eg likar særleg godt er "Då du runda svingen"

"Det var den same verda

som møtte deg då du var barn:

Angen av jord, strå av gras og lyset over steinane.


Og likvel - du er ein annan, er du ikkje ?

Alle du møtte, alt du gjennomlevde -

Det må jo hatt noko å seia ?


Ein dag var ho svanger, ein dag var de

på  ei båtreise, ein dag åt de kreps

ved eit fjell med mose og lyng.


Barna sprang bortover grusgangen

og kvarv bak ein sving.

Då du runda svingen, var dei vaksne.


Alle bøkene, kunnskapen du tileigna deg .

Morgonen gryr og verkar totalt uninteressert i kva du veit.

Angen av liljer smiler."






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar