"Glory to God for All Things" er bloggen til den ortodokse presten Father Stephen. Her skriv han om religiøse og kulturelle tema ut frå ein ortodoks synsstad. Det meste kan ein ta til seg sjølv om ein ikkje tilhøyrer ein av dei ortodokse kyrkjene.
Nyleg skreiv han ein lesverdig artikkel "Orthodoxy Versus Christian Materialism", der han tek for seg ulike område der mange kristne har ei oppfatning prega av sekulær materialisme.
Han reknar opp fem punkt der eit ortodoks syn, eit klassisk kristent syn for den saks skuld, skil seg frå eit sekulært materialistisk syn. For det første vil materialisten hevda at ting eksisterar i seg sjølv, dei er ikkje avhegngig av noko utanforståande for å eksistera, for det andre vil han hevda at relasjonar bare dreier seg om psykologi. Punkt tre dreier seg om meining i større forstand, det er berre ein tanke hos mennesket, det fjerde punktet dreier seg om tid og årsak-verknad, det siste er moralfilosofisk og slår fast at godt og vondt bare er uttrykk for ulike handlingsmønster.
Det meste interessante punktet er det som dreier seg om relasjonar. Frå ein materalistisk synsstad er relasjonar mellom menneske, eller mellom Gud og menneske, basert på kva ein føler til ei kvar tid, eller kanskje at ein har ein felles genetisk basis eller medlemskap i den same organisasjonen. Dermed blir relasjonar tidsbundne og skjøre,( " out of mind, out of existence - "Now you are just somebody that I used to know") Tilsvarande psykologisk relasjonar har vi relasjonar basert på gjensidig kontrakt.
Father Stephen tek "modern marriages" eller samboarskap som døme. Det heile er basert på kjensler og psykologi og kan brytast opp når vi finn det for godt/ikkje har dei same kjenslene lenger.
Han hevdar at dette ofte og pregar gudsforholdet til mange kristne, det blir lett prega av psykologi og kjensler, og sårleis skjørt og lett kullkasta av det sekulære samfunnet vi lever i-
I motsetning til dette set han eit ortodoks eller klassisk kristent syn. Relasjonar er ontologiske, dei har sin basis i vår "væren" og eksistens ( actual being and existence ie. ontology). Relasjonen til Gud er grunn og årsak til heile vår eksistens. Det er rettare å sei at noko er ein relasjon enn at det har ein relasjon. Vi eksisterar ikkje i og av oss sjølve.
Father Stephen tek så for seg Treeininga som døme på kva relasjonar går ut på. Faderen kan ikkje vera "Fader" utan som "Fader til". "Sonen" er eit relasjonelt ord - det står ikkje åleine. Det same er tilfellet med Anden. Faderen gjev opphav til , Sonen har sitt opphav i og Anden utgår.
"In the very core of our understanding of the revealed God we find relationship. There is no "God" behind thje Father, Son and Holy Spirit. We know no other God."
Å reflektera over at Treeininga er den grunnleggjande relasjonen set og eigne relasjonar til medmenneska i eit heilt nytt lys. Det er noko som står grunnleggjande fast, heilt uavhengig av kjensler og tidsand !
Når vi ser utover fjorden denne kveldsstunda må vi ikkje gløyma forbøn for dei forfølgde i Irak og Syria.
søndag 17. august 2014
fredag 15. august 2014
Marias forbøn for kristne i Irak
Dagen i dag 15.august feirar vi Kyrkjas viktigaste Maria-festdag, minnedagen for Marias opptaking til himmelen, Marias Himmelfartsdag eller Assumptio Beatae Mariae. Maria har spesiell omsorg for alle forfølgde og difor passer det i dag å be om Marias forbøn for alle forfølgde i Irak, kristne men og yezidiar og andre minoritetar.
"Memorare" er ein av Kyrkjas gamle Mariabøner tilskreve Den heilage Berhard av Clairvaux.:
"Kom ihu, du nådefulle Jomfru Maria, at det aldri er blitt hørt at den som tar sin tilflukt til deg, kaller på din hjelp og ber om din forbønn er blitt forlatt. Full av tillit søker jeg derfor tilflukt til deg. Jomfru over alle jomfruer, min mor. Til deg kommer jeg , foran deg står jeg, i sorg over min synd. Du, det evige Ords mor, ringeakt ikke mine ord, men i din miskunn bønnhør meg"
Maria, på denne minnedagen ber vi om di forbøn for alle forfølgde i Midtausten generelt og i Irak spesielt !

torsdag 14. august 2014
Appell mot vald og forfølging i Irak
Det pavelige råd for interreligiøs dialog kom 12.august med ei skarp fordømming av terrorgruppa ISIL, og ber religiøse leiarar, spesielt muslimske leiarar, koma med "tydelege og modige standpunkter" mot organisasjonen. ISILs terrorvelde er "barbarisk" og ein "skam for menneskeheten". Å støtta terrorgruppa økonomisk eller militært er forkasteleg, understrekar Vatikanet i ei erklæring signert av kardinal Jean-Louis Tauran.
Hjelpeorganisasjonen Caritas og katolske biskopar i Norge føl opp med ein appell om solidaritet med ofra for vald og forfølging i Irak." Kristne, yezidiar og andre minoriteter blir utsett for grove overgrep og trenger vår støtte.Minst 200.000 irakere har måttet flykte bare den siste uken. I Erbil har minst 180.000 søkt tilflukt. Vi fordømmer forfølgelsen av både enkeltindivider og religiøse grupper".
I VG har forfattar og journalist Lars Akerhaug ein kronikk med tittelen:"Stille natt i Midtøsten" der han tek eit oppgjer med norske myndigheters manglande engasjement i det som i dag skjer i Irak.
"Kristne og andre minoriteter er i ferd med å fordrives fra Midtøsten. Det skjer uten noe synlig norsk engasjement", skriv han innleiingsvis. Utenriksdepartementet har hatt ei oppfatning av at ei open støtte til minoritetar bare gjer desse meir sårbare for overgrep. Børge Brende snakkar om politiske løysingar, dette gjev liten meining når islamske terroristar henrettar barn på grunn av deira tru skriv Akerhaug vidare.
"Tiden for "stor diskresjon" bør ugjenkallelig være forbi. Verdensamfunnet må umiddelbart gripe inn for å stanse folkemordet på etniske minoriteter."
Dette er ein av dei viktigaste sakene i verda akkurat no og heldigvis byrjar både politikarar og vanlege folk rundt i verda å få augene opp for det som skjer. Humanitær hjelp er viktig men, som andre verdskrig lærte oss, av og til er det viktig og rett å møta det vonde med våpenmakt!

tirsdag 12. august 2014
Dei siste kristne i Irak ?
Situasjonen i Nord-Irak tilspissar seg for kvar dag.Islamistanes overgrep mot kristne og andre minoritetar er utanfor vår fatteevne. Men dette er ikkje noko nytt, det einaste nye er at dette fangar heile verdas merksemd. Det gjorde det ikkje ved alle tidlegare overgrep og massakrar i dette området.
Det er viktig å sjå dette i ein større historisk samanheng. Kristendomen spreidde seg til Assyria, Babylon og Persia alt i det første hundreåret etter Kristus. I flg. Tradisjonen var det Thomas, Taddeus og Bartolomeus som grunnla kyrkja her. I 1.Peters brev er det på slutten ein referanse til dei kristne i Babylon (5:13), altså var det kristne grupper her svært tidleg. Denne austlege kyrkja fjerna seg etterkvart frå den vestlege , og på konsilet i Efesus i 431 kom det til eit endeleg brot. Bakgrunnen for det var biskop Nestorius teologi som avveik frå det vestlege synet på Kristi guddommelege og menneskelege natur. Dei truande i Aust-Kyrkja har difor ofte vorte kalla nestorianarar, dei vert og kalla assyrisk kristne eller aust-syriske kristne. Kristendomen spreidde seg etterkvart utover heile Sentral-Asia like til Kina. På 1400 talet rykka den mongolske herskeren Timur fram og fortrengte dei kristne. Det er historiar om korleis han halshogde 90.000 kristne i Bagdad og 70.000 i Tikrit. Sjølv om dei assyrisk kristne vart trengt tilbake til sitt kjerneområde i det som no er Nord-Irak klarte dei å føra sin tradisjon og si tru vidare til nye generasjonar. På midten av 1500 talet kom det til i skisma i Den assyriske kyrkja, i det ein del av kyrkja under patriark Sulaqa slutta seg til Den romersk katolske kyrkja, og vart det vi kjenner som Den kaldeiske kyrkja. Den gjenverande delen vart verande eit eige kyrkjesamfunn, og er det vi i dag kjenner som Den assyriske kyrkja. Det er dei kaldeiske kristne som utgjer størsteparten av dei irakiske kristne i dag. Dei har hatt sitt tyngdepunkt i Mosul der dei no er fordrevne frå. Begge desse kyrkjene har same aust-syriske liturgi og språk, og har i det siste kome over tidlegare motsetningar.
Mellom mongolanes overgrep på 1400 talet og ISIL's overgrep i dag, har dei kristne i Irak vorte forfølge ei rekkje gonger. På 1800 talet vart dei angripne av kurdarar, i 1914 erklærte tyrkiske Enver Pasha heilag krig mot dei kristne og mange vart drepne. Nye massakrar følgde i 1933, denne gongen utført av den irakiske hæren. Situasjonen under Saddam Hussein var heller ingen dans på roser for dei kristne, men samanlikna med det som følgde var det som å koma frå oska til elden. Stadige bombeåtek, attentat og bortføringar har kulminert i det som no ser ut som etnisk-religiøs rensing på den meste bestialske måten. Før Golf-krigen var det ca 1,5 millionar kristne i Irak( ca 5% av folkemengda), i dag er det bare eit par hundretusen att. Dei fleste av desse vil nok og flykta, alternativt møta martyrdøden.
Kyrkjene i Irak har reist seg etter overgrep frå mongolar, tyrkarar, kurdarar, irakiske militære, men i dag ser det mørkare uten enn nokon gong. For første gong på snart to tusen år vert den heilage messa ikkje feira i Mosul. Ein ser for seg eit kristent kjerneområde utan kristne. Ein kan protestera, vona og be og kanskje støtta seg til Kristi ord til Peter.
Kaldeiske irakarar feirar jul i eksil.
Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?» Så steig dei opp i båten, og vinden stilna. Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»
(evangelieteksten frå sist søndagsmesse i Matteus 14.)

mandag 11. august 2014
Den heilage Edith Stein:forbøn for dei forfølgde.
8.august er minnedagen for ein av forige hundreårs viktigaste helgenar, nemleg Den heilage Edith Stein (1891-1942). Ho er også kjent under klosternavnet Teresa Benedicta av Korset som ho tok då ho vart karmelittnonne. For alle oss i Karmelittordenen er ho førebilete, inspirator og forbedar. Edith Stein vart kanonisert i 1998 og utnemd til skytshelgen for Europa. I desse dagar vel eg og å sjå på henne som skytshelgen for alle forfølgde minoritetar. Edith Stein kom frå ein jødisk familie og var sånn sett alt i utgangspunktet ein del av ein forfølgd minoritet. Som konvertitt til kristendomen og seinare nonne vart ho minoritet i dobbel og kanskje tredobbel forstand. Eg trur ho hadde særleg omtanke for alle forfølgde. Edith Stein enda livet sitt som martyr i gasskammeret i Auschwitz. Den same lagnaden møter dessverre mange forfølgde i dag.
I desse dagar er vi vitne til brutal forfølging av religiøse og etniske minoritetar særleg i Midt-Austen.
Media full av skrekkhistoriar om islamistane i ISIL si brutale framferd mot både kristen og den religiøse minoriteten yezidiene. Det er funne massegraver og mange er stranda på Sinjar fjellet utan mat og drikke. Eg må vedgå at eg som sikkert mange andre knapt hadde høyrt om denne folkegruppa. Yezidiane er ei kurdisk talande folkegruppe som har halde til i Midt-Austen sidan lenge før både islam og kristendom oppstod. Dei praktiserar ein blandingsreligion med røter tilbake til det gamle Mesopotamia. Religionen deira har teke opp i seg element frå både zoroastrisk religion, jødedom, islam og kristendom. Dei har vorte forfølgde opp igjennom historia, men har på mirakuløst vis overlevd til no, men sannsynlegvis er det bare eit par hundretusen igjen. Mange har og for lengst flykta til Vesten, i Norge er det omløag 300-400 yezidiar. I dag er dei meir trua enn nokon gong, islamistane har som klart mål å utrydda desse "vantru." Som dei kristne i Irak treng dei alle mulig støtte, både militært, humanitært og i form av forbøn.
Den kaldeiske biskopen Hanna Qullo helsar yezidiprinsen Khayri Beg.
Edith Stein: " Dess mørkare det blir rundt oss, dess meir må vi opna oss for lyset ovanfrå."

onsdag 6. august 2014
Forbøn for Mosul
I forige månad rykka den islamistiske terrororganisasjonen ISIL fram i Nord-Irak og tok over storbyen Mosul. Det førte til ein dramatisk forverra situasjon for alle, men særleg for ikkje sunni muslimske truande. Særleg gjekk det utover den kristne minoriteten som har levd i Mosul sidan dei første hundreåra etter Kristus. Før den amerikanske invasjonen var det omlag 60.000 kristne i Mosul, i dag er det knapt nokon att. Den kaldeisk-katolske patriarken Louis Raphael Sako opplyste at for første gong på over seksten hundre år vart det i juni ikkje feira messe i Mosul. Byen er tømt for kristne,dei fekk valget mellom å konvertera til islam, betala ein urimeleg skatt til terrorregimet, flykta eller bli drepne. Så godt som alle valgte å flykta. Patriark Sako ba islamistane om nåde, men det hjelpte lite.Dei kristne sine hus og eigedomar vart konfiskert, kors reve ned og kyrkjene plyndra. Ikkje bare kyrkjer men også moskear vart øydelagt mellom anna moskeen bygd over profeten Jonas grav. Iflg. islamistane hadde dette vorte ein plass for frafall ikkje bøn. Moskeen var eit historisk monument og øydelegginga var eit slag for alle Mosuls innbyggjarar som no lever under eit strengt islamistisk styre.
Erobringa av Mosul var ein førebels topp i forfølgjinga av Midt-Austens kristne som har gått føre seg over langt tid. Koptarane i Egypt har lenge vore pressa men har det nok likevel betre enn i Nord-Irak og Syria der situasjonen er desperat. Krisa i Gaza er ille nok, men ser ut til å overskygga det som skjer i resten av Midt-Austen. Er det slik at media har blikk for bare ein konflikt om gongen ? ISIL er sannsynlegvis verre enn vi kan førestilla oss, verre enn både Taliban, Al-Qaida og Hamas?
Sister Maria Hanna OP, Sisters of Saint Catherine of Siena som er eit nonnekloster i kriseområdet i Irak skriv til sine medsøstre i Europa om situasjonen, og ho avsluttar med ein apell til verda utanfor Irak:
"We are surprised that some countries of the world are silent about what is happening. We hope that there would be stronger international approach toward Iraq, and Christians in Iraq in general. "
Søstrene held fram sitt arbeid trass i den islamistiske framrykkinga.
"We have had our annual retreat on the 20th of July. That gave us opportunity to pray for Iraq and our Christian community during this time of peril."
La oss ta det siste som ei oppmoding om meir engasjement og meir forbøn for dei førfølgde i Irak!
Grafitti på ei kyrkje i Mosul som seier at dette er eigedomen til den islamske staten. Under er det ein
"N" som står for "Nassarah", koranens uttrykk for kristne. Islamistane merkar dei kristne slik nazistane merka jødane. Det er med på å understreka at islamisme, nazisme/fascisme og ein kan og legge til kommunisme er tre ulik uttrykk for den same grunnleggjande ondskap.

mandag 4. august 2014
Wislawa Szymborska
Wislawa Szymborska (1923-2012) er blitt kalt poesiens superbestemor eller og verdenspoesiens grand old lady. Kanskje ikkje ufortjent då ho var aktiv som forfattar like opp til sin død for to år sidan nesten nitti år gammal. Wislawa Szymborska levde det meste av livet i Krakow, ho markerte seg hovudsakleg som lyrikar, men og som essaysist og omsetjar av fransk litteratur til polsk. I ungdomen var ho inspirert av sosialismen, men forlet partiet i 1966 og hadde seinare kontakt med dissidentar. I 1966 fekk ho nobelprisen i litteratur.
Szymborskas tema er menneskelivet i alle sine fasettar, ho skriv med utgongspunkt både i den store kosmiske synsvinkel og den vesle daglegdagse. Livet er vilkårleg og til låns, ingenting er gjev på førehand, men vi har likevel grunn til å vera takksame for å vera til. Ofte dreg ho inn naturvitskap som ho heile livet var levande interessert i, i dette ligg det både ei sterk sansande naturoppleving, men også eit engasjement for det miljøet vi alle er avhengig av.
Utvalg av dikt frå 2002-2012 kom i fjor på Tiden forlag omsett av Christian Kjelstrup som og har intervjua henne før ho døydde i 2012.
Livet er den eneste måten
å dekkes med løv på,
hive etter pusten i sanden,
stige til værs på vinger;
å være en hund,
eller stryke den over den varme pelsen;
å skille smerte
fra alt som ikke er det:
å komme seg på innsiden av det som skjer,
se noe fra flest mulig synsvinkler,
å strebe etter å trå minst mulig feil;
En enestående sjanse
til et øyeblikk å erindre
en samtale som fant sted
med lampen slått av:
og i det minste en gang
snuble i en stein,
bli dyvåt når det bøtter ned med regn,
legge fra seg nøklene i gresset;
og å følge en gnist i vinden med øynene;
og uten stans fortsette med å gå glipp av
noe viktig.
I det jeg uttaler ordet Framtid,
tilhører den første stavelsen allerede fortiden.
I det jeg uttaler ordet Taushet,
bryter jeg den.
I det jeg uttaler ordet Ingenting
skaper jeg noe som ikke kan rommes av noe tomrom

Notat

Tre høyst merkverdige ord
I det jeg uttaler ordet Framtid,
tilhører den første stavelsen allerede fortiden.
I det jeg uttaler ordet Taushet,
bryter jeg den.
I det jeg uttaler ordet Ingenting
skaper jeg noe som ikke kan rommes av noe tomrom
Abonner på:
Innlegg (Atom)