Ein sterkt svekka pave Frans har vore innlagt på Gemelli sjukehuset i snart to veker. Den 88 år gamle paven har dobbelsidig lungeinfeksjon, og tilstanden var lenge kritisk, men det ser no ut til at han er i gradvis bedring. Truande over heile verda har samlast i bøn for pave Frans. Kvar kveld på Petersplassen har vi digitalt kunne delta i Rosenkransbøn for paven! Etter som paven tilstand har betra seg har han vore istand til å gjenoppta ein del av sine oppgåver som leiar av Den katolske kyrkja, mellom anna arbeidet med nye heilagkåringar. Fem katolikkar har nådd det andre steget på veg til helgenstatus og blitt erklært som “ ærverdige”, mellom dei den amerikanske presten Emil Kapaun ( 1916-1951) og den italienske legmannen Salvo D’Acquisto ( 1920 43).Dessutan blir det heilagkåring av to salige Guiseppe Cisneros frå Venezuela og Bartolo Longo frå Ialia. Den salige Bartolo Longo ( 1841-1926) var ein advokat frå Napoli som var negativ til Kyrkja, men etterkvart vart omvendt, og stod bak Rosenkrans - heilagdomen i Pompeii der han og er gravlagt.
Pave Frans innførte i 2017 eit nytt omgrep i heilagkåringsprosessen nemleg “livsoffer” som skil seg frå sakene basert på martyrium eller “heroiske dyder”. I omgrepet ligg det at kristne som “ ved å følge mer enn tett i Herren Jesu fotspor og lære, frivillig og fritt har ofret sitt liv for andre og holdt ut med denne besluttsomheten helt til døden.” Pater Kapauns “livsofferet” er godkjent av pave Frans og hans status har gått frå “Guds tjener” til “ ærverdig”. Emil Joseph Kapaun blei fødd i Kansas i 1916, han vart prestevigd i 1940 og tjenestegjorde som feltprest under Den andre verdskrigen og i Koreakrigen. Han døydde som krigsfange i 1951. Hans levningar vart identifisert i 2021 og han vart bragt tilbake til heimlandet.Pater Kapaun var ein uvanleg from og modig mann med stor omsorg for sine med soldatar. I tida som krigsfange er det mange vitnemål frå medfangar korleis han trøysta og hjelpte andre heilt utan tanke på seg sjølv. Ein heilagkåringsprosess vart innleia i 1993.
Rosenkransbøn for paven på Petersplassen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar