lørdag 15. februar 2025

Zweig og Bernanos i fortvilingas mørke

 Den franske forfatteren Sébastien  Lapaque kom nyleg med boka "Sjakkmatt i paradis" omtala på den katolske internettsida Aleteia. Det er ein tenkt dialog  mellom dei to store forfattarane frå forige hundreår. Georges Bernanos og Stefan  Zweig. Begge levde i eksil i Brasil under Den andre verdskrigen, og skal visstnok ha møttest kortvarig i Barbacana kort før Stefan Zweig valgte å ta livet sitt saman med kona Lotte. Lapaque konstruerar ein dialog mellom desse to store,ein dialog som rører ved dei store spørsmål i tilværet, dei spørsmål som kan driva oss inn i mismot og fortviling og til slutt inn i den sjølvalgte døden slik Zweig gjorde. Verdssituasjon i 1942 innbydde  ikkje til optimisme,ondskapens krefter inkarnert i nazismen såg ut til å sigra. For begge desse eksil-forfattarane glei denne politiske melankolien over i metafysisk fortviling, det er også hovudtema i Lapaques bok. Men det er ein grunnleggjande forskjell mellom ateisten Zweig og katolikken Bernanos, ingen av dei er optimistar på vegne av verda, men Bernanos har noko utover verda og som mange ser ut til å ha tapt. Før krigen skriv han: " De massakrene som forberedes vil ikke ha noen ende fordi de ikke har noe mål. Vi vil ikke kjempe for en tro, men av raseri over å ha mistet den." 

Den østerisk-jødiske forfattaren Stefan Zweig (1881-1942), kjent for bøker som "Verden av i går" og "Sjakknoveller" hadde flykta til England i 1934, og vidare til Brasil i 1940, der fann han sin død og kom aldri tilbake til eit Europa i ruinar. Prega av metafysisk pessimisme, men utan eit metafysisk perspektiv ,  eller som Louise Gluck skriv: " at the end of my suffering there was a door." I den imaginære dialogen mellom desse to oppfordrar Bernanos til von sjølv om han og ber på denne metafysiske fortvilinga. « Ikke tro at jeg skal være mindre overveldet av angst enn du er. Men Gud gir meg noen ganger nåden til  å finne fred i selve denne kvalen….. Det er nok å tenke på at Han delte den på Oljeberget.» Kjem vi djupt nok ned i fortvilinga vil Kristus venta på oss der. Eller som Bernanos hovudperson i « En landsbyprests dagbok», presten som på mange måtar har mislykkast men stilt overfor døden innser han at alt er nåde!



 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar