15.februar er minnedagen for dei koptiske martyrane som vart drept av IS i Egypt for nøyaktig ti år sidan. Drapa vart filma og distribuert av IS, og mange hugsar nok bileta av dei 21 oransje kledde mennene men ein IS bøddel bak seg! Dei var 21, 20 egyptisk koptiske kristne og ein frå Ghana. Ghanesaren Matthew erklært at « deira Gud er min Gud» , og gjekk saman med sine trusfeller i døden. Martyrane var fattige bygningsarbeidarar som høyrte til Egypts koptiske minoritet, dei var djupt grunnfesta i si tru som dei heldt fast ved like inn i martyrdøden. Alle vart etter kort tid erklært som martyrar av den koptiske paven. I 2023 erklærte også pave Frans dei som martyrar. Det var første gong koptiske kristne vart erklært som martyrar i Den katolske kyrkja. Levningane av dei 21 martyrane vart i 2018 identifisert og førte tilbake til Egypt, der dei i dag kviler i ei nybygd kyrkje. Dei er til inspirasjon og støtte for alle forfølgde for si tru i dagens turbulente verd!
I høve 10 års markeringa er det lagd ein animasjonsfilm om martyrane, den kan fritt søkast opp på www.the21film.com
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar