Den salige
Chiara Badano
Vi har akkurat markert Allehelgensdag og det passer godt å presentera ein av dei nye unge heilage!
Mange
kjenner nok til Den salige Carlo Acutis, tenåringen som døydde 15 år gammal av
kreft og sannsynligvis blir helgenkåra til neste år. Mindre kjent er nok ein
tilsvarande historie frå eit par år tidlegare, underteikna hadde knapt høyrt om
Den salige Chiara Luce Badano før eg tilfeldig kom over hennar historie nyleg.
Chiara vart
fødd i den vesle nord-italienske byen Sassello 29. oktober 1971. Foreldrene
Ruggero og Maria Teresa Badano hadde i over ti år prøvd og bedt om å få barn,
endeleg lukkast det og dei vart velsigna med vesle Chiara. Chiara var eit barn
utanom det vanlege. Alt frå fire års alder hadde ho eit særleg blikk for andre,
ho delte leiker med fattige barn, inviterte inn trengande og vitja eldre.
Chiara elska å høyra Evangelia og å delta i den heilage messefeiringa. Då ho
var ni år vart ho med i Focolare rørsla som er eit katolsk fellesskap som
arbeider for dialog og fellesskap mellom alle mennske. Focolare er opprinneleg
italiensk, grunnlagt av barneskolelæraren
Chiara Lubich i 1942, men har etterkvart fått avleggarar i 180 land.
Chiara hadde kontakt med grunnleggaren av Focolare, og ho deltok ivrig i deira
samlingar. Ho fekk tilnavnet «Luce» avdi ho synest å utstråla lys med sin
smilande ansikt og sin personlegdom.
Chiara var
ein heilt normal tenåring, sporty, sosial, aktiv og vennekjær,men ho hadde
heile tida blikket retta mot Kristus og vitna, ikkje så mykje med ord som med
sitt eksempel og si omsorg for andre. Då ho var sytten år tok livet brått ei ny
vending. Ho spelte tennis og merka sterke skuldersmerter, det viste seg å væra
ein sjelden for beinkreft – osteogent sarkom. Dei neste to åra vart tunge og
smertefulle, men ho heldt fram med å utstråla lys og kjærleik. Vener kom på
vitjing for å trøsta henne, men det enda med at det var ho som trøysta dei.
Heile tida hadde ho også foreldre som støtta henne, og som nok var i djup sorg
over utsiktene til å mista sitt einaste barn. Ein kardinal som vitja henne
undra seg over lyset i augene hennar og ho svarte: « Eg prøver å elska Jesus så
mykje eg kan.» 7. oktober 1990 døyr Chiara Luce i heimen sin i Sassello, ho er
enno ikkje fylt nitten år. Ho har vore klar over at det går mot slutten og
førebur gravferda som til eit himmelsk bryllaup, ho får
sjukesalvinga,skriftemålet og nattverden. Det siste ho seier til mora er: «
Adjø. Du må vera lukkeleg for eg er lukkeleg.» Fleire tusen deltak i gravferda
nokre dagar seinare. Men det er ikkje slutt med det, alt i 1998 blir det opna
for ein saligkåringsprosess for Chiara. I 2002 skjer mirakelet som opnar for
saligkåring, ein ung mann med hjernehinnebetennelse blir på mirakuløst vis
frisk. 25. september 2010 blir Chiara Luce Badano erklært som salig av pave
Bendikt, det nest siste steg før helgenkåringa. Fleire titusen er samla for å
ta del i den høgtidelege sermonien.
Pave
Benedikt seier følgjande om Chiara: «Jeg inviterer dere til å bli kjent med henne.
Livet hennes var kort, men inneholdt et vidunderlig budskap. 19 år fulle av
liv, kjærlighet og lys. De siste to år også fylt med smerte, men alltid levd i
kjærlighet og lys, et lys som strålte rundt henne og kom innenfra, fra hennes
hjerte fylt av Gud. Hvordan er dette mulig ? Hvordan kan en 17 -18 år gammel
jente leve gjennom lidelsen på en slik måte? Menneskelig håpløst, og samtidig
spre kjærlighet, renhet, fred og tro. Tilsynelatende er det nåde fra Gud, men
denne nåden måtte også ha menneskelig
medvirkning og forberedelse. Chiaras egen medvirkning naturligvis, men også
hennes foreldre og venner. I dag vil jeg fremheve dette på en særlig måte.
Salige Chiara Badanos foreldre lever, de var i Roma i forbindelse med
saligkåringen – jeg møtte dem personlig. De er vitner om det grunnleggende
faktum som forklarer alt: deres datter var fylt med Guds lys. Og de var de
første som tente dette lyset, som kommer fra tro og kjærlighet. Hennes mor og far tente troens
flamme i sin datters sjel, og de hjalp Chiara å alltid holde den brennende, til
og med i de vanskeligste stunder i vekst, og særlig gjennom lidelsens
prøvelser.»
Chiara er eit
eksempel for alle truande men spesielt for dei unge. Ho er skytshelgen for ungdom
og for Verds-ungdoms dagen. Minnedagen er 29. oktober.
Salige Chiara Luce be for oss !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar