Sr. Clare Crockett var ei ung nonne frå Derry i Nord- Irland som om ikkje lenge blir vurdert for det første steget mot helgenstatus. 12. januar til neste år vil ho bli erklært som Guds tjener i ein sermoni i Spania der ho i 2001 slutta seg til ordenen Servant Sisters of the Home of the Mother. Dette er ein ny orden grunnlagt i 1982 som rettar seg spesielt mot unge , og som har fokus på Eukaristien og Maria.
Clare Crockett vart fødd 14. november 1982 og omkom i eit jordskjelv i Ecuador 16.april 2016. Ho er gravlagt i fødebyen der ho alt har inspirert mange, spesielt mange unge til å finna tilbake til si katolske tru. Folk i heimbyen er overvelda med tanken på utsiktene til å få sin eigen helgen!
Clare Crockett var ein person som skilte seg ut alt som barn, ho hadde ei utstråling som gjorde henne til det naturlege midtpunkt over alt der ho var til stades. Ho hadde talent som skodespelar og deltok i TV- programm alt frå 15 års alder. Ho var døypt katolsk, men familien var ikkje ivrige katolikkar og Clare var ikkje spesielt religiøst interessert i oppveksten. Ho sette meir pris på fest og moro enn å gå til messe. Så skjedde det noko i påskeveka 2000 då ho var 18 år. Meir eller mindre tilfeldig hadde ho blitt med på ein tur til Spania som viste seg å vera ein pilegrimstur. På langfredag vart ho overtydd om å delta i hyllinga av Kristi kors ved å gå fram og kyssa det. Noko skjedde med Clare i det ho bøygde seg for korset, sjølv skildrar ho det slik:« Eg veit ikkje korleis forklara akkurat kva som skjedde.Eg såg ikkje englekor eller kvite duer som kom ned på meg, men eg var sikker på at Herren var på krossen for meg.» For Clare var det «All or nothing» som er tittelen på ein dokumentar om henne, ho kjente sterkt på å kallet til å gje seg heilt til Kristus.Clare reiste heim til Nord-Irland, det neste året vart ho drege mellom utsiktene til ein verdsleg karriere som skodespelar og kallet til ordensliv. Guds kall sigra og alt året etter var ho tilbake hos søstrene i Spania som postulant, dei førebels løftene vart avlagt i 2006 og dei endelege løftene i 2010. Den første tida var ho i Belmonte i Cuenca, men i 2012 vart ho overført til Ecuador. Det var ho resten av livet inntil ho på tragisk vis omkom i 2016. Clare viste seg også her som den heilt spesielle personen ho var, det var særleg arbeid blant barn og ungdommar som opptok henne. Ho fekk særleg god kontakt med dei unge gjennom sin humor, sitt åpne og vinnande vesen, og ikkje minst sitt musikalske talent, gitaren hadde ho alltid med seg. I dokumentarfilmen «All or nothing» møter vi både barn, ungdomar og vaksne som skildrar sitt møte med Clare Crockett og det sterke inntrykket ho gjorde på dei, mange fekk eit levande forhold til Kristus gjennom hennar vitnemål. Etter påtrykk frå mange blir det no opna ein prosess som evt. vil føra fram til helgenstatus. Ho vil i såfall bli ein av fleire unge helgenkandidatar frå siste halvdel av 1900 talet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar