søndag 30. juni 2024

Sein sundagsettermiddag

 Eg les gamle tekstar frå over 30 år tilbake, og festar meg ved denne frå 1991 med utgangspunkt i diktsamlinga « Meditasjonar over Georges de la Tour» av Paal Helge Haugen.

« Sein sundagsettermiddag

dette streif av ufortent lykke

som bryt seg ut av tida

med vengeslag med dyreaugo

med eit elska andlet gjennom den store

stilla lagt til ro bak steinar

smeltande snø barnerøyster

Sein sundagsettermiddag

nokre sekund»

Dette diktet seier litt om mine eigne kjensler akkurat no ( våren 1991). Eg vart  i det heile svært oppglødd over denne diktsamlinga, eg føler mange av dikta talar til meg på ein særskild måte. Kanskje er det avdi dei avspeglar tida og i enno større grad tidløysa? Kanskje er det på grunn av ljoset som er i desse dikta, ljoset frå Georges de la Tours  måleri. Dette tvetydige ljoset, realistisk men samstundes ikkje av denne verda. Så er det mørkre og natta, det forgjengelege, det gåtefulle. Møtet mellom dagen og natta, ljoset og mørkre, mysteriet!

« Skuggen din har vore hos meg

lenge, lik ei søster

som aldri vart fødd

Du som vart tatt ut av tida

lagt ned, felt inn

i det andre

Det skimrande håret ditt

ei linje av hemmeleg  glede

langs nakken, ein famn

av kjærleik som aldri

nådde fram


Tatt ut av tida i ei anna tid

og enda kjenner eg skuggen din

kjenner deg

som den vesle angen av ryllik

frå bronsealdergrava

ein ange som dagen

i dag, høgsommar, ryllik

balsamerte timar

tre tusen år eldre»

Det fortel noko om mine eigne opplevingar av ein varm sommardag langt, langt tilbake.Det er sundag, i mi førestilling er det alltid sundag. Ikkje kva som helst sundag, med « den sundagen». Solljos, små vindpust i enga, forventing og samstundes ro. Vissa om ei tidlaus oppleving.Opplevinga av å ha vore her, denne sundagen i over tusen år, forventninga om å skulla vera her enno tusen år. Smaken av tidløysa, av å oppleva tusen år i eit sekund, og bera det med seg i sitt eige indre.Ein kosteleg skatt!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar