lørdag 22. juni 2024

Alain Cribier – ein medisinsk pioner

 


Dei fleste fekk nok med seg kong Haralds dramatiske ferietur med heimtransport i ambulansefly, og deretter pacemaker-operasjon. Kongen hadde alt i 2005 -68 år gammal  gjennomgått ein større klaffeoperasjon der det vart sydd inn ein biologisk ventil mellom venstre hjertekammer og hovudpulsåra. Ein slik ventil har avgrensa levetid og det viste seg etter 15 år også i kongens tilfelle. For eit par tiår sidan hadde alternativet vore ein ny stor hjerteoperasjon, eit risikabelt prosjekt på ein eldre person. I dag har vi eit alternativ, gjennom ei åre i lysken kan legen føra eit tynt kateter med ein samanfalda ventil, som så blir blåst opp med ein ballong i rett posisjon. Skånsomt for skrøpelege eldre  som kan vera på beina alt dagen etter, og utskrivast etter eit par dagar. Det var nok langt færre som fekk med seg at han som utvikla denne teknikken – TAVI med eit medisinsk  uttrykk – Professor Alian Cribier ved universitetssjukehuset i  Rouen døydde nyleg 79 år gammal. Ikkje bare kongen med tre millionar andre over heile verda har god grunn til å takka Alain Cribier for fleire år med god livskvalitet.

Professor Alain  Cribier  vart fødd i Paris i 1945, karrieren stod mellom musikk og medisin, han valte det siste men kunne nok og blitt ein dyktig pianist, Som spesialist i hjertesjukdomar såg han

mange med alvorlege klaffefeil der ein hadde lite å stilla opp med. Han byrja å reflektera over om ein kunne hjelpa desse på ein meir skånsom måte enn ved åpen hjertekirurgi, var det mogleg å konstruera ein kunstig ventil som kunne førast inn gjennom blodårene ? Han møtte stor motstand, det er var ikkje teknisk mogeleg og uansett for risikabelt ! Alain Cribier let seg ikkje knekka av motstanden korkje frå kollegaer eller industrien. Etter mange dyreforsøk saman med lojale medarbeidarar var han klar for det første inngrepet på menneske. 16. april 2002 fekk ein svært sjuk 57 år gammal mann som den første ein såkalla TAVI. Det var vellukka og var på mange måtar eit medisinsk kvantesprang. I dag er dette inngrepet rutine på alle store hjerteavdelingar over heile verda, indikasjonen vert gradvis utvida og komplikasjonane færre og færre.

Alain Cribier er blitt karakterisert som ein mann med uvanleg stor omsorg for sine pasientar, men og for sitt team av medarbeidarar, ikkje  minst kollegaer i starten av karrieren. Kanskje var det ikkje tilfeldig at han var inspirert av legen, teologen, musikaren og fredsprisvinnaren Albert Schweitzer som han vart kjent med i ungdommen ? Har dette interesse og overføringsverdi til andre enn dei som sjølv har klaffesjukdom eller jobbar for å hjelpa dei som har det ? Ja det trur eg, for i ei tid der alle store framskritt tilsynelatande skjer gjennom  «team work» og globale  nettverk viser historien til  Alain Cribier at det kreative enkelt menneske som tenkjer nytt og er uthaldande nok, kan løfta verda eit eller fleire hakk oppover. Denne utviklinga ville kome uansett vil mange hevda, ja men kanskje først fleire år seinare, og mange ville då  ikkje fått tilbodet. « A great doctor has  left us, but his work lives on» stod det i minneordet i  European Heart Journal. Tre millionar pasientar og mange kollegaer kan  minnast han i takksemd.

(Innlegg i Dag og Tid 14.juni)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar