Det er snart åtti år sidan avslutninga på Den andre verdskrigen, men framleis dukkar det opp nye historiar, skreve bøker og spelt inn filmar om denne mest dramatiske hendinga i forige hundreår. Nylig hadde den engelske filmen One Life premiere på norske kinoar, filmen er basert på ei bok som dattera til hovudpersonen skreiv for ti år sidan - If It’s not impossible. Regi er ved James Hawes, medverkande mellom anna Antony Hopkins, Helena Carter, Johnny Flynn. Filmen handlar om Nicholas Winton, børsmeklaren som gjorde ein stor humanitær innsats i 1938 - 39, då han bidrog til at 669 barn, dei fleste jødiske vart redda ut frå det naziokkuperte Tsjekkoslovakia. Etter ein tur til Praha kom han i kontakt med fleire menn og kvinner som var aktive i Den britiske komiteen for flyktningar i Tsjekkoslovakia. Dei mange flyktningane som levde under elendige forhold gjorde eit sterkt inntrykk på han, men ulikt mange andre vart det ikkje med empati, den unge Winton engasjerte seg aktivt med å få desse barna ut av Tsjekkoslovakia og inn i Storbritannia. Tilbake i London byrjar han med god hjelp frå mora, å organisera transport, visa, fosterfamiliar etc. Filmen skildrar korleis Winton og mora jobber energisk for å trenga igjennom byråkratiet. Karakteristisk var mottoet hans: « Hvis noe ikke er mulig må det finnes en måte å gjøre det på.» Dei lukkast å få tog etter tog ut av Praha heilt til krigsutbrotet i september 1939, det siste toget blir stoppa av nazistane, og sannsynlegvis overlevde ingen krigen.
Filmen vekslar tidsmessig mellom 1938 - 39 og slutten av 1980 talet, der den aldrande Nicholas Winton, glimrande skildra av Anthony Hopkins funderar over om han kunne gjort enno meir for desse barna. Få eller ingen kjenner til hans innsats for flyktningane, knapt hans eigen familie. Dette snur etter 1988 då historien blir presenter i fjernsynsprogrammet That’s life, der han også møter fleire av barna han redda, no godt vaksne. Det blir ei sterkt emosjonell oppleving for Nicholas Winton. Etter kvart får han den ære og heider han fortener.
Filmen er blitt karakterisert som «et lærestykke i humanisme», det kan ein godt vera samd i. Rett nok risikerte dei ikkje livet slik til dømes Ulma familien som eg tidlegare har skildra, gjorde. Men dei gjorde det som få andre gjorde, dei engasjerte seg, gjorde ein aktiv innsats som dei ikkje hadde nokon personleg vinning av.Dei var drevne av ei indre overtyding om at ein må hjelpa andre som treng hjelp. Så lenge det finst menneske som Nicholas Winton og Jozef og Wiktoria Ulma er det von!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar