torsdag 27. juni 2024

Fridom frå sjølvrealiseringstyranniet

 Eg les biskop og kardinal Anders Arborelius bok «Hverdagsmystikk» som nyleg kom i norsk utgåve. Som alltid gjev han klår og gjennomtenkt vegleiing til det moderne splitta mennesket. Han byggjer på heile den karmelittiske tradisjonen og no spesielt på 1600 talls munken Broder Lorens av Oppstoda, hans skrifter « Å leve i Gus nærver» kom og nyleg også på norsk med føreord av biskop Anders.

« Jeg er et splittet menneske.Det er en nøktern påstand og noe de fleste antagelig kan kjenne seg igjen i. Jeg dras mot ulike hold.Livet mitt består av bruddstykker og løse biter. Jeg opplever ikke at jeg er hel. Likevel lengter jeg etter å være hel og få del i DIN helbredelse og DIN hellighet.»

Filosofen Kaja Melsom kom for eit par år sidan med boka  «Den fordømte friheten» med det som er karakterisert  som eit oppgjer med dagens «selvrealiseringstyranni.» Aldri før i historien har vi hatt så stor fridom til å følga ein karriere der vi får realisert alle vår evner og draumar. Vi har blitt tuta øyrene fulle av at vi har fridom til å bli kva vi vil berre vi står på .Det er det spektakuære og unike som gjeld, ikkje det kvardagslivet dei aller fleste av oss likevel må ta til takke med.Ein skal være seg sjølv, ingen kopi, unik i evner og framtoning. Men dette går ikkje i hop, vi blir ikkje unike nok og sit att med nederlagskjensla og enno verre ei grunnleggjande skamkjensle. Ein skal prestera på alle arenaer, yrkeskarriere, fritid, parforhold, familie, samfunnsengasjement og attpåtil kjenna seg lukkeleg. Det går bare ikkje, ein får ikkje det livet ein drøymde om, det vart ikkje den karrieren som skulle løfta ein heilt til toppen. I beste fall vart det eit vanleg liv med oppturar og nedturar, i verste eit liv der alt stoppar opp og ein sit att med psykiske problem, og eit liv som arbeidsufør slik tilfellet er med altfor mange unge i dag.Kaja Melsom har ikkje noko klart svar, men på slutten av boka refererar ho til dei gamle greske tragediane sitt meir realistiske syn på livet.

« Som en motvekt til dagens frihetsideal trenger vi moderne tragedier som advarer oss mot å tro at bare vi  lytter til oss selv og velger «rett», vil vi bli belønnet med et langt og lykkelig liv.Dette er vår tids hybris, som gjør oss hjelpeløse i møte med livets realiteter.»

Dei greske tragediane kan gje oss innsikt, men dei gjev ikkje noko meir. Eg vender tilbake til «Hverdagsmystikk», der ein kan finna samanheng og meining i det nære og kvardagslege. Det er også der vi kan møta ein Gud som talar til oss som ein person, ikkje ei diffus makt!

« Jeg styres ikke av blinde krefter. Jeg blir ikke kastet rundt av stormens bølger. Rolig og stille kan jeg komme tilbake hit, til DEG.»



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar