onsdag 13. desember 2023

Den heilage Lucia

 I dag feirar vi minnedagen for Den heilage Lucia - Sancta Lucia. Ho er nokså sikkert ein historisk person sjølv om det er mykje legendestoff knytta til denne helgenen som levde i Syracusa på Sicilia rundt år 300. Ho skal ha lidd martyrdøden under keisar Diokletian. Alt frå år 400 vart ho æra, det er funne ei innskrift over ei ung jente, Euskia, som døydde på Lucias festdag. Saman med Agathe som lei maryrdøden noko tidlegare er ho Sicilias viktigaste og mest populære helgen.

Ho er skytshelgen for mange ulike grupper, kanskje best kjent for synet, for blinde og mot augesjukdomar. Det kjem naturleg nok avdi Lucia kjem av Lux - lys på latin! Minnedagen for Lucia fall før kalenderreformen på årets mørkaste dag og vart naturleg  nok ein lysfest. Dagen vart særskilt feira i Italia og merkeleg nok i det protestantiske Sverige. Frå Sverige har skikken i moderne tid spreidd seg til vårt land. Særleg populært har det vore å markera Lucia i barnehagar med lys og opptog. Bilete under er eit fint minne frå tredve år tilbake, med vår nest eldste son i fremste rekkje.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar