onsdag 20. desember 2023

Asbjørn Aarnes

 I dag ville Asbjørn Aarnes ( 1923 -2013) ha fylt 100 år. Han var professor i europeisk litteraturhistorie, men hadde ei formidlingsevne som rakk langt utover akademia. Den verdikonservative humanisten Aarnes var ein av dei store kulturformidlarar i etterkrigstida. Hans innsikt rakk langt utover det vi vanlegvis forbind med litteraturhistorie, ikkje minst innan filosofi. Her er han nok mest kjent for det han skreiv om Emanuel Levinas filosofi omkring den andres ansikt. « Du skal ikke vende deg bort når den Annens sårbarhet treffer deg.»

Men det var nok poesien som var hans hjarta nærast, både den norske og den store europeiske tradisjonen. Det mange poesi interesserte forbind med Aarnes er nok verket, « Poesien hos Olav Nygard, Et dikteralbum» som kom i 2004. Eg skreiv ei bokmelding og fekk ei helsing tilbake frå Asbjørn Aarnes der han skreiv at eg hadde forstått det han ville formidla. Det sette eg svært stor pris på. Årets nobelprisvinnar Jon Fosse hevdar og at denne boka er noko av det beste han har lese om poesi.

Aarnes var fødd på Nordmøre, men nytta riksmål heile livet med unntak av det han skreiv for « Dag og Tid»  på slutten av livet. Det er gjeve ut i ei fascinerande lita bok med tittelen « Råka av røyndomen». Eg hadde stor glede av den. 

I høve 100 årsdagen kjem det ut ei bok av og om Asbjørn Aarnes, « Den fine taushets røst.» For dei som ikkje kjenner til han er det eit høve til å bli kjent med denne eineståande formidlaren av litteratur og filosofi. For dei som kjenner til han er her kanskje nye gullkorn å ta med seg?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar