mandag 2. oktober 2023

Holodomor

 Russlands pågåande brutale krig mot Ukraina er på ingen måte første gong ukrainarane vert utsett for nabolandets hensynslause framferd. Sannsynlegvis er det ikkje noko som kjem opp mot det som skjedde for 90 år sidan. Stalins tvangskollektivisering tok til i 1929, og gjekk særleg utover Ukrainas bønder. Det første til ein svoltkatastrofe som toppa seg vinteren 1932-33. Stalins strategi var å svelta ut sivilbefolkninga og sannsynlegvis var det nærare fire millionar som døydde under dette som seinare har vorte karakterisert som eit folkemord. På same måte som Putin karakteriserar ukrainarane som nazistar, peikte Stalin dei ut som svikarar og sabotørar! Dette var ukjent historie i SovjetUnionen heilt til Gorbatsjov løsna på sensuren på 1990 talet.

I Vesten  er det den amerikanske forfattaren Anne Applebaum som har dokumentert desse brutale åra i boka “ Rød sult. Stalins krig mot Ukraina”. I Ukraina er dette levande historie, det er besteforeldre og oldeforeldre til dagens ukrainarar som vart utsett for dette. Det ukrainske ordet for dette er HOLODOMOR - utrydding gjennom svolt. I hovudstaden Kyiv finn vi eit minnesmerke som gjer sterkt inntrykk( sjå bilete under).

I folkeretten er folkemord definert som eit internasjonalt brotsverk med siktemål å øydeleggja ei nasjonal, etnisk eller religiøs gruppe. Svoltkatastrofen i Ukraina fyller denne definisjonen, og 30 land inkludert Vatikanet og Europaparlamentet har gått god for at Holodomor var eit folkemord. Norge har til no ikkje gjort det!

President Zelenskij sa nyleg i ein tale i Nederland at å kalla ting ved sitt rette navn er nøkkelen til rettferd, og til å hindra at det skjer igjen.



                                                Minnesmerket  i Kyiv med den svoltne jenta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar