fredag 6. oktober 2023

Mellomalderkyrkjer i Hordaland

 Kristendomem kom tidleg til Sør-Vestlandet, kanskje alt på 800 talet, men det er sparsomt med arkeologiske funn frå denne tida. Eit av dei tidlegaste teikna på kyrkjebygg finn vi i Kinsarvik der det er teikn på at steinkyrkja vart bygd rundt ei tidlegare stolpekyrkje frå tidleg på 1000 talet. Desse tidlege kyrkjene hadde reisverk av stolpar sett ned i grunnen, og var då utsett for råte. Dei vart erstatta av stavkyrkjene frå 1100 talet. Bygningsteknisk var dette eit stort framskritt, kyrkjene var løfta opp på sviller fundamentert på steinar over bakkenivå. I Mellomalderen vart det omlag seksti stavkyrkjer i Hordaland, men trebygningar var utsett for ver og vind,og ved inngongen til 1800 talet var det berre tre att, dei andre var til nedfalls og revne på 16 - 1700 talet. Dei tre som var att Holmedal, Vikøy og Øystese forsvann i åra framtil midten av 1800 talet. Røldal er den einaste stavkyrkja som står att, men var tidlegare underlagt biskopen i Stavanger og ikkje rekna til Hordaland.

Etter kvart kom det steinkyrkjer, først i dei ytre stroka av Hordaland, Moster som skal ha vorte grunnlagt av Olav Tryggvason, Fitjar og Årstad. Kyrkjer i stein var meir i tråd med det som var vanleg ute i den store verda. Kong Magnus Lagabøte roste folk på Voss då dei bygde si første steinkyrkje. Utover 1200 talet kom det fleire steinkyrkjer i tillegg til stavkyrkjene og omlag år 1300 hadde alle større bygder i Hordaland si soknekyrkje, enkelte som Etne hadde fleire. I Seinmellomalderen fram til Reformasjonen vart det ikkje bygd nye kyrkjer.

Hordaland hadde fire hovudkyrkjer så kalla fjerdingkyrkjer, det var Kinsarvik, Skåla i Kvinnherad, Voss og Hamre. Dei vart bygde utover 1200 talet  samstundes med store prosjekt i Bjørgvin, Holmen med Håkonshallen, Apostelkyrkja, Kongsgarden og Mariakyrkja. Vi hadde alt to store klosteranlegg , Lysekloster som var eit cisternciensarkloster grunnlagt i 1146,Halsnøykloster eit  augustinarkloster grunnlagt 1163. 

Kven bygde desse kyrkjene? Det var neppe lokal kompetanse til å fullføra tildels avanserte bygningskonstruksjonar. Handverkarar kom utanfrå, sikkert dels frå utlandet. Dei utgjorde ofte såkalla bygghytter som var grupper med handverkarar, steinbyggarar, murarar og tømmermenn, som nok drog frå prosjekt til prosjekt. Steinkyrkjene er konkrete prov på kor dyktige desse mennene var! Eit døme er avanserte vindaugskonstruksjonar som vi mellom anna finn i austvindauga i Kvinnheradkyrkje frå slutten av 1200 talet. Det er sprosser i såkalla grindverk. Det vitnar om nær kontakt med resten av Europa i det vi finn slike grindverkssprosser både i Kvinnherad og i fransiskanarkyrkja, no Domkyrkja i Bergen , etter eit mønster vi finn i katedralen i Reims og i Westminster Abbey.

1100 - 1200 talet var eit høgdepunkt for kyrkjebygging i både Hordaland og ellers i landet. Nye kyrkjer fekk vi først på 1600 talet, det var då gjerne stavkyrkjer som vart reve  og erstatta med nye trekyrkjer. Vi har heldigvis mange flotte steinkyrkjer igjen som vitnemål om kristendomens første tid i landet vårt.



                         Vakre grindverkssprosser i austvindauga i Kvinnherad kyrkje.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar