søndag 15. mai 2022

Ti nye helgenar

 " Heilagdom  utgjer ikkje nokre få heroiske handlingar, men dei mange daglege  kjærleiks-uttrykk" sa pave  Frans under dagens messe  på Petersplassen der vi fekk ti nye helgenar.  Det er ein lang prosess som fører fram til denne endelege gokjenninga som helgen, og mellom dei ti finn vi både kvinner og menn frå ulike hundreår, både ordensfolk, prestar og legfolk.  Kardinal Marcello Semeraro, prefekt i kongregasjonen for helgekåring las først opp korte biografiar om dei ti, så følgde helgenlitaniet før pave Frans las kanoniserings-ritualet.

Dette er den første helgenkåringa sidan  før coronapeidemien, sist var i oktober 2019 då vi fekk fem nye helgenar mellom dei kardinal  John Henry Newman. Vel 45.000 var til stades på Petersplassen i dag, dei jubla som på ein fotballkamp for kvar helgennavn  som vart lese opp.

" Å tjena Evangeliet og våre brødre og søstre, å ofra våre liv utan å forventa noko tilbake, eller nokon verdsleg ære; det er vårt kall.  Det var slik våre medreisande som vart kanonisert i dag levde sin heilagdom." sa paven vidare.

Kven var så desse ti ?

Den mest kjende er nok  Charles de Foucauld, så kjend at det var bilete av han på første sida av La Figaro i samband med at han vart kanonisert.  Trappistmunk og misjonær, inspirator for ordenen "Jesu små søstre og Jesu små brødre." Han vart drept i Algerie i 1916. (meir om han seinare. Sjå ogs 27.juli 2020)

Titus Bradsma o.carm, karmelitt prest, professor og journalist.  Aktiv motstandar av naziztyret  og av den grunn arrestert og sendt til Dachau der han vart drept i 1942. (meir om han seinare)

Devasahayam Pillai var ein legmann frå India som lei martyrdøden  i det 18. hundreåret.

Så følgde fire kvinner som var misjonærar og ordensgrunnleggjarar, Maria Rivier, Maria Francesca av Jesus, Maria Domenica Mantovani, Maria av Jesus Santocanale.

Til sist tre prestar, franske Cesar Bus, så to italienske prestar  Giustino Maria Russolillo og Luigi Maria Palazzolo.

Pave Frans oppmoda  dei truande til å  ta desse helgenane som eksempel til etterfølgjing..

" Det er godt å sjå at desse helgenane med sitt evangeliske vitnemål har fostra andeleg og sosial vekst i sine respektive land  og i heile den menneskelege familien."

" Og la oss så til slutt venda oss til Jomfru Maria, så ho med glede vil hjelpa oss  å etterfølgja  eksempelet til dess nye helgenane."









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar