tirsdag 2. april 2019

Poetica: Ei lykt for din fot


Ei lykt for din fot

Han snur seg mot oss og peikar ut retninga handa er regnvåt og bleik vi rettar blikket mot den andre sida der er så vidt vi kan skimta stien som snor seg gjennom tett kratt innunder lauvtunge trekruner og vidare opp fjellsida i det fjerne. Det er ikkje den kortaste vegen men kanskje den sikraste litt nølande gjev vi oss i veg orda har vi alt pakka ned vasstett og sikkert dei må for all del ikkje sårast av gløymsla. Regnet fell lett på vassflata når vi vassar i land på den andre breidda og ser at stien ikkje er så lett å finna som vi først hadde trudd i skumringa blir vi trøande fram og attende usikre og drøymande. Ta orda fram av sekken lat dei bli ei lykt for din fot ei leiestjerne gjennom nattemørkret ditt heile vegen fram og trygt attende om du trass alt vel å snu.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar