fredag 12. april 2019

Den heilage Josef Moscati

I dag 12. mars feirar vi ein moderne helgen , den italienske legen Josef Moscati  som levde frå 1880 til 1927. Han blir og minna den 16. november. Moscati er den første lege i moderne tid som vert heilagkåra, han blir rekna som ein eksemplarisk  utøvar så vel av medisin og vitskap som av si katolske tru!

Han vart fødd i ein adelig familie i Benevento i Sør-Italia, og viste seg alt som barn svært from. Han var nok  tiltenkt ein juridisk karriere slik som faren , men då broren vart ramma av ei tragisk ulukke vart han sett på tanken om å studera medisin.Han fullførte mdisinstudiet i Napoli i 1903, og byrja sitt legearbeid ved Ospedale degli Incurabili(sjukehuset for dei som ikkej kan lækjast). Han var både klinikar og forskar og vart etterkvart professor i klinisk kjemi, seinare også administrator for sjukehuset. For Moscati var legegjerningen eit kall  som sprang ut av hans djupe katolske tru. Han hadde eit heilskapleg syn på medisinen der det mentale og andelege var like viktig som det kroppslege.  Eit døme på dette var då han i 1921 tok seg av den verdskjente tenoren Enrico Caruso, som hadde vendt tilbake frå Amerika til Italia i ein elendig forfatning. Moscati stilte korrekt diagnose og forstod at den store Caruso berre hadde kort tid igjen. "Professor, ver så snill å gjera alt som er naudsynt!" Moscati tilkalte straks ein prest som gav Caruso sakramenta. Få dagar etter døydde han fredeleg berre 48 år gammal.

Josef  Moscati gjorde ein store innsats under tre dramatiske hendingar, vulkanutbrotet frå Vesuv i 1906, koleraepidemien i Napoli i 1911 og sist men ikkje minst den brutale verdskrigen 1914-18.
Etter kvart fekk Moscati ry som ein lege som nærast kunne utretta mirakel, han vart karakterisert som "Den heilage lege frå Napoli".  Han hadde ein enorm arbeidskapasitet som ikkje minst kom dei mange fattige og vanskelegstilte til  gode. Moscatis arbeid som lege var heile tida næra av eit rikt indre liv, han gjekk til messe og mottok kommunion dagleg og trakk seg ofte tilbake i bøn.

Kanskje brann han sitt lys i begge endar ? 12. mars om ettermiddagen følte han seg uvel mellom to konsultasjonar, og gjekk inn på kontoret for å slappa av. Her vart han funnen død sitjande i ein stol kort tid etter. Han vart berre 47 år gammal. Ei stor folkemengde følgde den populære legen til grava, og han fekk etter kort tid ry som ein heilag person. Saligkåringsprosessen vart sett i gong i 1949 og den enda opp i at han vart erklært som helgen  av pave Johannes Paul i 1987.

Josef Moscati er ein helgen for vår tid. Han viste på eksemplarisk vis at det går an å kombinera  ei grunnfesta kristen tru og eit rikt indre liv  med både eit oppofrande arbeid for andre og vitskapeleg arbeid.





 "Only one science is unshakeable and unshaken, the one revealed by God, the science of the hereafter! In all your works, look to Heaven, to the eternity of life and of the soul, and orient yourself then much differently from the way that merely human considerations might suggest, and your activity will be inspired for the good."

(Josef Moscati i eit brev til ein kollega)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar