mandag 4. mars 2019

Vinen gjev mennesket glede

"Du let graset spira fram for feet
og vokstrar til nytte for mennesket.
Du let brødet koma frå jorda,
vinen gjev mennesket glede.
Du let andletet skina av olje,
brødet gjev mennesket styrke."

Slik står det i Salme 104, ein av dei mange bibelske tekstane som omtalar vin. Klimaet i Palestina var veleigna for dyrking av vindruer, og det er mange referansar til dette både i Det gamle og Det nye testamentet, like frå Noah  til bryllaupet i Kana. Vin er nevnt totalt 240 gonger i Bibelen. Ei rekkje ord både på hebraisk og gresk blir nytta om vin som drikk. På hebraisk mellom anna jajin, tirosj og sjekhar, på gresk ord som oinos og oxos. Begge språk er langt meir nyanserte enn det vi får fram på norsk.

Lang dei fleste bibelske tekstane har ein positiv assosiasjon til vindyrking og vin som drikk. I det gamle Testamentet er vin eit bilete på Guds velsigning.

" Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen, fruktbar jord og overmål av korn og ny vin ! "
( 1. Mos. 27, 28)

" Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje .... "
( 5. Mos. 7,13)

Brød , vin og olje, desse tre går igjen som bilete på Guds gåver, Hans velsigning over Israelsfolket.

I bryllaupet i Kana er vinen Jesu gåve til oss som han gjev oss på Jomfru Marias forbøn !

Men Bibelen innheld og ei rekkje åtvaringar mot å drikk seg berusa.

"Ve dei som jagar etter sterk drikk frå tidleg morgon av, som sit til seint på kveld og blir heite av vin."
(Jes. 5,11)

" Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylt av Anden."

( Ef.5,18)

Det bibelske synet på vin er altså å nyta Guds gåver med glede og måtehald !







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar