lørdag 19. januar 2019

Bilder fra en utstilling

"Bilder fra en utstilling" er komponisten Modest Musorgskijs minnesmerke  over sin avdøde ven kunstnaren  Viktor Hartmann, det vart skreve på kort tid i 1874, opprinneleg i ein klaverversjon. Verket føl ti bilete i ein mnneutstilling over Hartmann der  Musorgskijs illustrerar bileta musikalsk på ein genial måte. Innimellom får vi eit gjennomgangstema, ein promenade, som er blitt ein klassiker. Den vanlegaste framførte versjonen er Ravels orkestrering frå 1922, og så har popgruppa Emerson Lake and Palmer sin versjon frå 1971 !

Modest Musorgskij vart fødd inn i ein adeleg familie i 1831, han utmerka seg musikalsk alt som barn ,men faren hadde tiltenkt han ein militær karriere. Det gjennomførte han og i fleire år, og det var vel heller ikkje musikalsk bortkasta i det Alexander Borodin tenestegjorde i same regiment som Musorgskij. Seinare vart han kjent med og inspirert av andre store russiske komponistar som Balakirev, Glinka og Rimskij-Korsakov.
Han døydde i 1881 av alkoholisme bare 42 år gammal. Han etterlet seg fleire ufullførte verk, men og mange fullførte som har gått inn i det klassiske repertoaret, dei mest kjende er operaen "Boris  Goudonov" og pianosuiten "Bilder fra en utstilling".

Flott framføring i Kilden med Kristiansand Symfoniokester og dirigent Julian Rachlin frå Litauen.

Lenke til  Chicago Symphony Orchestra sin versjon:

https://www.youtube.com/watch?v=DXy50exHjes




Det siste bilete i utstillinga er "Den store porten i Kiev". Det gjer musikkstykket enno meir aktuelt med tanke på dagens konfliktfylte Ukraina.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar