onsdag 9. januar 2019

Den heilage Basilios den store

2. januar feirar vi minnedagen for ein av dei viktigaste kyrkjefedrene De heilage Basilios den store. Same dagar markerar vi og hans ven og samtidige Gregor frå  Nazianz. Saman med Basilios bror Gregor av Nyssa vert desse tre karakterisert som dei kappadokiske fedre. Nokon reknar også Baslios søster Macrina  som den fjerde kappadokier.

Basilios vart fødd inn i ein from og velståande familie i 330. Han fekk si utdanning i Caesarea, Konstantinopel og Athen, i Athen vart han ven og studiekamerat med Gregor frå Nazianz. Basilios levde lenge eit strengt monastisk liv , i det følgde han søstera, Den heilage Macrinas, eksempel.
Men Basilios hadde eit vidare oppdrag for kyrkja, han vart etterkvart via til diakon, vidare til prest og til slutt utnemnd til biskop i Caesarea i Kappadokia i året 370. Som biskop engasjerte han seg såvel i tidas store teologiske disputtar som i diakonal omsorg for sjuke og trengande. På det siste området var han ein foregangsmann, han grunnla så vel hospital, barneheimar og herberge for dei trengande.  Han grunnla ein heil liten by, Basiliade, med hospital og hospits for sjuke og fattige, og han blir ofte sett på som grunnleggjar av ideen om  kristne diakonale institusjonar.
Pave Benedikt karakteriserar han som ein av fedrene bak Kyrkjas sosiallære.

Basilios den store var altså ein praktisk organisator som fekk store innverknad på ettertida både når det gjeld Kyrkjas og klostervesenets organisering, og ikkje minst den diakonale tenesta. Men han var og ein skarp teolog som særleg var oppteken av Treeininga og  Den heilage Ande. På denne tida stod arianismen som nekta for Kristi guddom, sterkt, Basilios var ein av denne retningas mest engasjerte motstandarar. Kristus er sann Gud og sant menneske, "Den Hellige Ånd må telles med blant Faderen og Sønnen og tilbes sammen med dem" proklamerte han.

Han la og stor vekt på eukaristien som naudsynt næring for å halda liv i vår kjærleik til Gud og medmenneske. "Det er en god og nyttig ting å gå daglig til kommunion for å motta Kristi hellige legeme og blod. For han selv sier til oss: Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod har evig liv. Hvem kan derfor tvile på at stadig deltakelse i livet er det samme som å leve til fulle."

Basilios den store døydde i 379, ikkje fullt 50 år gammal, og vart innan kort tid heidra som ein heilag mann. Han blir rekna som den mest sentrale av dei kappadokiske fedre.

Pave Benedikt : " Kjære brødre og søstre, jeg tror man kan si at denne kirkefaderen fra en fjern fortid også taler til oss og forteller oss noe viktig. Først og fremst lærer han oss å ha en våken, kritisk og kreativ deltakelse i den samtidige kulturen. Dernest lærer han oss sosialt ansvar. I vår tids globaliserte verden er selv de folk som geografisk sett er langt borte fra oss i sannhet vår neste. Han lærer oss derfor vennskap med Kristus, Gud med det menneskelige ansikt. Til sist taler han til oss om kunnskap om og annerkjennelse av Gud Skaperen, vår alles Far."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar