tirsdag 8. januar 2019

Ny koptisk katedral i Kairo

Egypt har den største kristne minoriteten i Midt-Austen, kanskje rundt ti prosent høyrer til den koptisk ortodokse kyrkja leia av pave Tawadros II. Dei siste åra har  media stort sett hatt negative nyhende om denne diskriminerte minoriteten. Ei rekkje brutale terroråtak har ramma koptarane, og sidan 2016 er meir enn hundre koptarar blitt drept i slike åtak.
President Abdel Fattah al-Sisi er ingen demokrat, men han innser nok at det er viktig å dempa motsetningane i landet. Sist søndag, på den koptiske julefeiringa, var han tilstades under opninga av den nybygde katedralen i landets nye administrasjonssentrum utanfor Kairo. For å skapa balanse vart det samstundes opna ein ny moske. Dette blir sett på som eit aktivt tiltak for å dempa motsetningar mellom Egypts kristne og muslimske folkegrupper.

Katedralen blir den største i Midt-Austen og har plass til over 8000 truande. Navnet samsvarar med opninga i julehøgtida: Kristi fødsels kyrkje .
Vi må vona og be om at dette blir til velsigning for Egypts hard pressa kristne minoritet.

                     Pave Tawadros II og president al-Sisi under innviinga av den nye katedralen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar