onsdag 16. januar 2019

Gunnel Vallquist

"Hon förenade tankens klarhet med djup fromhet" skreiv pinsepastoren og forfattaren Peter Halldorf i eit minneord om katolikken Gunnel Vallquist . Ho ville fylt hundre år i fjor, men döydde 97 år gammal i 2016. Gunnel Vallquist var forfattar, journalist, oversetjar og  aktiv samfunnsdebattant i store delar av nittenhundretalet. Ho skreiv i mange aviser og tidsskrift men hovudsakleg var ho kulturskribent i Svenska Dagbladet. I eit sekulært og sosialdemokratisk Sverige der religiøs tru var noko som høyrde heime i privatlivet og ikkje i det offentlege ordskiftet, var ho eit frimodig unntak. Gunnel Vallquist var klar i sitt livssyn og vart respektert for det, alt som ung hadde ho konvertert til Den katolske kyrkja. Men ho var ein sterkt økumenisk orientert katolikk, som kunne samarbeida med såvel pinsevenner som Peter Halldorf og ortodokse truande i Frankrike. Det andre Vatikankonsilets reformar både internt og i relasjon til andre kyrkjesamfunn ønskte ho difor velkomen. Ho kjende konsilet frå innsida som ein av dei få kvinnelege observatørar. Dette skildra ho seinare i "Dagbok fra Rom."

Gunnel Vallquist var orientert mot fransk og italiensk kultur, ho budde lenge i begge landa, og hadde kontakt med såvel teologar som kulturpersonlegdomar. I 1978 fullføte ho sitt store verk, ei omsetjing av Marcel Proust store verk "På sporet av den tapte tid." Det var nok sterkt medverkande til at ho vart vald inn i Svenska Akademien i 1982.

Gunnel Vallquist var ein offentleg person  som var klar i sin meiningar , men ho hadde ei anna og vel så viktig side, ho var ein from og bedande katolikk. Ho søkte det indre livet, "den indre samling som gör en lydhör for Guds tilltal." Sånn sett var ho ein andeleg slektning av ein annan stor svenske nemleg Dag Hammerskjöld, han kombinerte også eit svært aktivt liv i verdssamfunnet med eit rikt indre liv. Kyrkjehistoria er ellers full av eksempel på dette, det  treng ikkje vera nokon motsetning mellom samstundes å vera gudvendt mystikar og verdsvendt leiar eller organisator!


                            "Hunger och törst efter Gud var den enda religion jag kände."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar