tirsdag 12. november 2019

Den gode døden

Den gode døden ?

Vårt Land har nyleg hatt fokus på døden både i bokmeldingar og intervju.
Professor i filosofi Henrik Holm og professor i teologi Knut Ruyter sit ved
dødsleie til gamle foreldre og opplever det vanskelege og meiningslause i denne
situasjonen. Ruyter erfarer at overbehandling dreg dødsprosessen unødig ut og
tek til orde for at aktiv dødshjelp kan vera akseptabelt.

Dette fekk meg til å reflektera over min eigen reaksjon då min far nyleg døydde.
Han var i sitt 98 år, etter fem år som sjukeheimspasient var han redusert både
mentalt og kroppsleg, det var lenge sidan vi kunne føra ein samtale med han.
Døden kom fredeleg og forventa,og eg opplevde dødsprosessen god og meiningsfylt.
Eg kan naturlegvis ikkje setja meg inn i andres subjektive oppleving i møte med
døden, men stiller likevel spørsmålet kva som er grunnen til at eg opplever min
fars død som ei god og verdig avslutning på eit langt liv ?
Er det avdi eg i mitt yrkesliv har sett mange døyande ,eg veit kva som skjer,
her dukkar det ikkje opp noko nytt og skremmande ?
Er det avdi vi var forbi alle spørsmål og svar og i fellesskap rundt den døyande
kunne akseptera og rolege gje slepp på han ?
Er det avdi vi opplevde at eit nytt lite barnebarn/oldebarn kom inn i livet
nesten samstundes med at han gjekk ut av det, og dermed gav oss ei erfaring av
eit grenselaust mysterium ?
Er det i takksemd for at vi fekk behalda han så lenge, og takka vera moderne
kirurgi ikkje møtte døden for 25 år sidan ?
Er det avdi eg står i ein andeleg tradisjon som strekk seg frå profeten Elias på
Karmelberget, via Teresa og Johannes til karmelsøstrene i Tromsø og med vesle
Therese frå Lisieux kan seia: «Eg døyr ikkje eg går inn til livet».
Eller er det rett og slett slik at dei fleste i Norge i dag døyr «den gode
døden» ? I dag døyr dei fleste i Norge på sjukeheimar(over 50%) oftast langt opp
i åra, ofte både kroppsleg og mentalt sterkt svekka. Dødsprosessen strekk seg
over år, og kan opplevast meiningslaus slik dei to eg nevner i innleiinga gjev
uttrykk for. Men kva er alternativet ?

Det er lett å romantisera tidlegare tiders død heime i si eiga seng omgjeven av
storfamilien og heile nabolaget ? Slik er det Sigrid Undset skildrar Lavrans død
i Kristin Lavransdatter. Lavrans ligg på dødsleie og tek farvel med alle medan
hans siste gjestebod blir stelt istand rundt han.

« Han talet muntert og hjertelig med alle, kvinner og menn, ringe og rike, unge
og gamle, takket for deres vennskap, bad om deres forbønn for sin sjel, og Gud
la oss finnes på gledens dag!»

Kanskje var det slik av og til, men
vel så ofte var døden brå og brutal, ofte valdeleg. Barn og unge vart ramma i
ein grad vi i dag ikkje kan førestilla oss, og det er ikkje lenge sidan, vi
treng ikkje gå heilt tilbake til tida for tuberkulose, kolera og pest! Det
kollektive minnet er svært kort !
Eg vil gje eit par døme på kva eg legg i dette. Unge foreldre på 1980 talet var
engstelege, dei var engstelege for krybbedød, dei var engstelege for smittsam
hjernehinnebetennelse og for ulukker. I 1985 vart 145 spebarn brutalt reve bort
i krybbedød, i 2015 var dette redusert til 9 ! I 1975-87 var det 250-350
tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse årleg i 2017 18 ! I 1970 vart totalt
560 menneske drept i trafikken,av dei omlag 100 barn, i 2017 var dette redusert
til 107 av dei 4 barn !
Omlag 200 barn og unge får kreft kvart år, i 1970 overlevde 10 % ,i dag over 80
% ! For eit par tiår sidan vart mange familiefedre i 40-50 års alderen brått
reve bort av hjerteinfarkt, i dag dramatisk redusert. Død av hjertekar sjukdomar
har samla sett vist ein sterk nedgang like frå 1980 talet. Narkotikadødsfall har
og vist svak nedgang dei siste året, spesielt i Oslo.
Dessverre tek enno omlag 500 livet av seg årleg, men samla sett tapar den «vonde
døden» terreng for «den gode døden». «Den gode døden»: å døy etter eit langt
liv, svekka og klar for den siste reisa.

Vi kan vona at den dagen vi får gå inn til «det uskapte lyset», gamle og
«mette av dage», og kan gleda oss over alle dei barn og unge som likevel fekk
leva!

Mange tek i dag til orde for eutanasi,aktiv dødshjelp eller sjølvalt død om ein
vil. Eg vil ta til orde for det motsatte av eutanasi, ikke filosofisk og
abstrakt men konkret og kvantifiserbart, nemleg dei titusenvis av helsepersonell
som på sjukehus, i heimesjukepleien men framfor alt på 950 sjukeheimar gjer det
dei kan for at den døyande og dei pårørande skal oppleva den siste tida verdig
og god.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar