onsdag 29. august 2018

Relikviar

I oktober - november  i år kjem relikviane til Therese av Lisieux og hennar foreldre Zelie og Louise Martin på rundreise til ulike byar i heile Norden. Tidlegare har Thereses relikviar vore innom over seksti land, nytt er at også foreldrene som vart helgenkåra i fjor, er med.
Vørdnad for relikviar  er for dei fleste noko ein forbind med tidlegare tiders ovetru og tildels misbruk. Dette gjeld  for alle protestantar, men for mange katolikkar er nok reliviar noko ein ikkje har eit nært forhold til.

Vørdnad for og dyrking av relikviar er noko som skriv seg frå den tidlegaste kristne tradisjonen, det hadde sin bakgrunn i martyrtida då dei kristen samlast på martyrgraver og feira eukaristien der. Seinare vart det vanleg at relikviar frå den helgenen ei kyrkja vart vigd til vart lagt inn i alteret. Ei kyrkja kunne og bli bygd over helgengrava, eller skrinet med helgenrelikviane kunne bli plassert på høgalteret slik tilfellet var med Olav den heilage  i Nidarosdomen.

 Den katolske kyrkjas vørdnad  for helgenrelikviar grunnar seg dels på bibelske henvisningar, dels på den sentrale stillinga som "Ordets inkarnasjon har " - " Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss." (Joh  1.14).
Dei bibelske henvisningane er dels frå Det gamle testamentet som 2.Kongebok 13.20-21, historien om Elisha, men det  tydelegaste vitnesbyrdet om relikviar finn vi i Apostelgjerningane 19.11-12:
"Gud gjorde uvanlege under gjennom Paulus. Det hende til og med at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde brukt, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket , og dei vonde åndene for ut."

Men som biskop og kardinal Anders Arborelius påpeikar har ikkje relikviar noko funksjon dersom dei ikkje perikar mot Kristus.

" Vår vördnad för helgonens reliker år vidare grundad på det faktum att Gud blev människa i Jesus Kristus. Genom det fyllde han hela universum med sin helighets härlighet."

"Den teologiske mäningen er klar:kristna är kallad at representera Kristi liv, död och uppståndelse i sina liv. Helgonen, särskilt martyrerna, har gjort detta genom ett vältaligt vitnesbörd om Kristus och hans evangelium. Uppenbarelsen innhåller även löftet om att hans heliga ser fram mot den dag då deras dödeliga kroppar ska uppstå från de döda och få del av Kristi uppståndelses härlighet."





                                     Relivieskrinet med Thereses foreldre Louise og Zelie Martin.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar