lørdag 25. august 2018

I skyggen av en krig

Det er snart hundre år sidan Den første verdskrigen, eller "The Great War" som engelskmennene seier, tok slutt. Det var ein katastrofe for Europa som la grunnlag for krigar og konfliktar utover heile 1900 talet. Enkelte hevdar at Den første og andre verdskrigen eigentleg var ein lag krig med tjue års våpenkvile imellom !

Men det var skapt kunst også under krigen,  trass i  krigen men og inpirert av krigen. Wilfred Owen fall like før krigsslutt men rakk å gjera seg udødeleg med sin krigspoesi, Paul Nash og Otto Dix malte bilete som i all sin realistiske gru viste krigens sanne andlet. Mange komponistar var og aktive på denne tida, som var ei brytningstid med framvekst av mange nye  kunstnarlege retningar. Årets kammermusikkfestival i Rosendal under leiing av Leif Ove Andsnes markerte dette under tittelen: "I skyggen av en krig 1914-18". Spennande og tildels ukjent musikk vart framført for eit fullsatt publikum. Musikk av mellom anna komponistar som Debussy, Ravel, Stravisnky, Berg, Bartok, Scriabin, Janacek, Nielsen, Sibelius og Busoni  stod på programmet.

I innleiings- foredrag under festivalen vart det lest frå Peter Englunds bok " Krigens skjønnhet og sorg". Peter Englund er ein svensk historikar som mellom anna har vore formann i Svenska Akademien. Han har den geniale evna til å popularisera historie faget både det vesle perspektivet som når han skriv om tannbørstens historie, eller når han skildrar dei store historiske linjene i krig og fred. I boka "Krigens skjønnhet og sorg"  nyttar han seg av ei orginal tilnærming til Den første verdskrigen i det vi gjennom 213 korte kapittel føl nitten konkrete personar gjennom krigsåra, både sivile og militære, På den måten evnar han å gje oss innblikk i korleis krigen vart opplevd av den enkelte deltakar på begge sider av fronten. Vi les om slag med 100.000 drepte og såra, her møter vi ein dei , som Angus Buchanan 27 år - infanterist i den britiske hæren, eller Pal Klemen 20 år - kavalerist i den østerikske-ungarnske hæren

Kva er  krig ? Peter Englund er kanskje ikkje så langt frå sanninga når han ved innleiinga til kapittelet om 1916 siterar frå dagboka til ein av sine personar: " Dette er krigen. Ikke faren for å dø, ikke granatenes røde fyrverkeri, som blender når den slår ned med hvinende lyd, men følelsen av å være en marionett i hendene på en ukjent dukkemester, og den følelsen får det iblant til å isne i hjertet som om døden selv har grepet tak i det."





                                                 Otto Dix triptykon "Krigen frå 1929 -32




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar