onsdag 22. august 2018

Striden om bileta

I Verdidebatt i avisa Vårt Land har det nyleg vore ein debatt omkring biletas funksjon i protestanisk og katolsk tradisjon. Er dei religiøse bileta bare pedagogiske hjelpemiddel eller har dei ein djupare kultisk funksjon ? Dette er ingen ny debatt, på 700-800 talet var dette kjelde til ein tragisk og splittande konflikt, den såkalla " ikonoklastiske striden." I klassisk jødedom,og også seinare i islam, har det vore forbod mot religiøse bilete, i kristendomen har bileta hatt ein sentral funksjon heilt fra dei første tider. Dette er grunngjeve med inkarnasjonen, " Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss " (Joh 1.14). Den store teologen Johannes Damaskenos( 675 -749) uttrykkjer det slik:

" I tidligere tider kunne Gud, som er ulegemlig og uten figur, på ingen måte bli avbildet. Men nå som Gud er sett i kjødet, idet Han samtaler med menneskene, maler jeg et bilde av Gud, den synlige.
.
For jeg har sett Guds menneskelige form og min sjel har blitt frelst."

Striden om bileta, ikonane, braut ut i år 730 då keiser Leo III sendte ut eit edikt mot bruken av ikonar.
Det er ulike teoriar om bakgrunnen for dette. Påverknad frå islam og jødedom ? Tendens til andeliggjering av kristendomen og dermed  rensa kyrkja for sanselege innslag ? Bilete som uttrykk for avgudsdyrking ? Uansett vart dette ein langvarig og bitter strid mellom ikonoklastane som villle fjerna alle bileta, og dei som forsvara det tradisjonelle synet og ville æra dei heilage bileta slik dei alltid hadde gjort. Striden enda  med den sjuande økumeniske konsilet i Nikea i 787 som slo fast den orrtodokse  læra om kva plass bileta skal ha i det religiøse livet.  Avdi Gud er blitt menneske i Jesus Kristus er det også legitimt og verdfullt å æra bilete av Han, å forkasta biletleg framstilling av Sonen er å fornekta at Han  er sant menneske. Konsilet slår og fast  at ein kan æra bilete av Maria og helgenar og gjenstandar som er knytte til dei, såkalla relikviar. Her skil konsilet nøye mellom tilbeding - latreia - som berre tilkjem Gud og høgakting eller venerasjon - proskynesis - som tilkjem Maria, helgenar og englar. Latreia  overfor andre enn Gud er avgudsdyrking. Dette er den læra som både Den ortodokse og Den katolske kyrkja har halde fast ved. Dei ortodokse feirar dette første søndag i fasten som "Ortodoksiens triumf". Bileta, ikonar er heilt sentrale i ortodoks gudsdyrking, dei forkynner trussanningar på same måte som orda gjer det. Ved å æra ikonet ærar vi og det som er ikonet sitt "urbilete" og den som er avbilda blir nærverande på ein konkret måte.

Reformasjonen medførte eit nytt syn på bileta, frå å vera ein sentral del i den kristne kultus blir dei i større eller mindre grad pedagogiske verkemedel,  illustrasjonar til prestens utlegning av ordet som er det sentrale i protestantisk gudsteneste i motsetning til eukaristien i katolsk og ortodoks tradisjon.
Dei refomerte gjekk enno lenger og fjerna bileta heilt frå kyrkjeromet, medan lutheranarne inntok eit mellomstandpunkt  der bileta vart bevart men fekk ein ny funksjon. Dei vart på mange måtar avsakralisert og ikkje lenger objektive uttrykk for ein guddomeleg røyndom.  I tråd med dette vart også Messeofferet og tilbeding av det innvia natteverdsbrødet avskaffa, og ein stod igjen med ein abstrakt og subjektiv versjon av kristendomen. Ein del protestantiske teologar gjer forsøk på å ta tilbake noko av det som gjekk tapt, men som professor Bernt Oftestad påpeikar er det vanskelig å bryta ut av ein tradisjon der det er den subjektive erfaringa som konstituerar det religiøst gyldige.


                            Ikon av Den heilage Johannes Damaskenos( av Damaskus)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar