fredag 1. september 2017

Montserrat:vesper

Etter kongress i Barcelona tar vi toget ein times tid i retning fjellformasjonen Montserrat. Til slutt ein kort tur med taubanen og så er vi der, klosteret grunnlagt for snart tusen år sidan med Den svarte Madonna - La Moreneta, Katalonias viktigast heilagdom og mål for mange pilegrimar.
Etter å ha sjekka inn på hotellet Abat Cisneros skundar vi oss over La placa  de Santa Maria og når kveldens vesper i basilikaen. Eit tjuetalls benediktinar munkar finn sin plass i koret og akkompangert av orgelet innleiar dei med ein latinsk hymne før Davidssalmar og Magnifikat på katalansk. Når ein er van med å  be vesper kjennest det fort like naturleg på katalansk som norsk. Til slutt høgdepunktet Salve Regina med klosterets fantastiske gutekor. Utruleg vakkert!
Vi sit ei stund og let det heile siga inn over oss slik at vi får den nødvendige roen før  møtet med La Moreneta. Blikket fall på henne med det same vi steig inn i basilikaen der ho tronar øverst i koret.
Vi føl pilegrimane opp trappene bak koret og rører kort ved kula ho held i den høgre handa, den venstre peikar på Jesusbarnet. Det er kort, men vi har høve til å koma tilbake seinare. Trappa fører ned til Cami de l`Ave Maria, der dei truande tenner lys og ber om La Morenetas forbønn. Vi  kan delta i det same ritualet, tenna lys og legga fram dei bøner vi har fått med oss. Det kjennest godt, ein er del av noko større,  ein av dei  mange som har kome her gjennom tusen .






                                       Santa Maria de Montserrat pregueu per nosaltres

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar