tirsdag 5. september 2017

Pilegrimsmålet Montserrat

Vel ein times tid frå storbyen Barcelona møter vi fjellkjeda Montserrat som med sin karakteristiske sagtakka utsjånad strekk seg over vel ei mils lengde og ei halv mils breidde. Naturen her er unik, og området vart i 1987 gjort til nasjonalpark. Sjølv om naturen trekk mange til Montserrat er det som pilegrimsmål plassen er mest kjent, gjennom hundreåra har ein jamn straum av  pilegrimar kome til La Moreneta - Den svarte Madonna for å be om hennar forbøn.
La Moreneta er ei statue av Maria og Jesusbarnet som hundreåra har gjeve ein svart farge( ikkje tresorten eller maling), etter legenden vart statua funne i ei grotte på 800 talet. Den første skriftelege dokumentasjon om Montserrat er frå slutten av 800 talet, sannsynlegvis  var det då ei gruppe einebuarar som heldt til i fjella. Klosteret vart grunnlagt i 1025 og vart utover i Mellomalderen eit viktig pilegrimsmål. Det kan nevnast at Ignatius av Loyola kom her i 1552. Ein av munkane vart med Columbus til Amerika, og øya Montserrat fekk navn etter pilegrimsmålet.

Under Napoleonskriget 1811-12 vart klosteret øydelagt av den franske hæren, munkane kom tilbake i 1844 og byrja gjenoppbygginga av klosteret. I 1881 vart Den svarte Madonna erklært som skytshelgen for Katalonia og Montserrat fekk  etterkvart igjen sin status som viktig pilegrimsmål. Under borgarkrigen 1936 -39 vart klosteret på nytt utsett for åtak, og 23 munkar lei martyrdøden. I 2013 vart dei saligkåra av pave Benedikt.

Montserrat i dag er i dag pilegrimsmål med klosteret med basilikane med La Moreneta tronande over koret som sentrum, men det er og ein viktig turistattraksjon og utgangspunkt for vandreturar i fjellet og eit eldorado for fjellklatrarar. Uansett motivasjon får dei kanskje alle med seg litt av den sterke andelege påverknaden som Montserrat har. Dei fleste tar nok ein tur innom basilikane og får med seg ein av tidebønene til benediktinarmunkane, eller det fantastiske gutekoret som kl. 13 kvar dag  syng Salve Regina og Montserrat-hymnen  Virolai. Etter tidebønene Laudes eller Vesper kan ein gå ut av basilikaen  og via det store atriet til høgre og følga straumen av pilegrimar( eller nesten åleine dersom det er tidleg eller seint) opp til det rikt utsmykka rommet med La Moreneta. Statua er dekka av ein glassvegg, men ein kan røra ved den høgre handa som held ei kule samstundes sim ein opnar den andre handa mot Jesusbarnet som ho held på fanget. Etterpå kan ein setta seg ned i kapellet bak La Moreneta før ein føl Cami de l`Ave Maria ut til atriet. Her er det tent hundrevis av lys som teikn på alle dei forbønene La Moreneta ber fra til Kristus for oss.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar