"Flos Carmeli
vitus florigera
splendor coeli
Virgo puerpera singularis
..........
Mater dulcis
Carmeli domina
plebem tuam reple laetitia
qua bearis. Amen"
(O du Karmels blomst
vingårdsfrukt vil bringe
himlenes skjønnhet
mor og barselkvinne
ene du er.
...........
Moder gode
Karmels herskerinne
ditt evige eie
La ditt folk det finne
lykksalighet. Amen)
Flos Carmeli er ein hymne tilskrevet Simon Stock på 1200 talet, på slutten av 1600 talet vart hymnen nytta i feiringa av Vår Frue av Karmelberget 16. juli. Framleis blir hymnen nytta i Karmelittkloster og sunge til Marias ære av søstre og brødre. Karmel har større fokus på Maria enn dei fleste andre ordenar og retningar innen katolisismen. Vi har det i vissa om at Maria bare gjentek det ho gjorde i bryllaupet i Kana, ho vender seg til Sonen:"Dei har ikkje meir vin!"
Det er vakre septemberdagar med sol frå blå himmel når vi kjem Karmelittklosteret Totus Tuus (Heilt din) i Tromsø. Retrett og fordjupning i vår andelege tradisjon. Messe, tidebøner, indre bøn, samtale og måltid i stillhet. Samver med dei som ein deler det grunnleggjande i tilveret med.
Eg kjem litt før, går turar på fjellet og føler eg legg det hektiske bak meg og fell til ro. Det er eit og eit halvt år sidan sist eg var her, det kjennest ikkje så lenge i vissa om at vi er velkomne.
Guro Giskes vakre Maria bilete i klosterkyrkja i karmelittklosteret
Maria Regina mundi
Maria Mater Eccelsiae
tibi assumes tui memores
Vigilamus vigilamus
(Maria verdens dronning
Maria kirkens mor
Våkende står vi foran deg
Våkende kommer vi deg i hu)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar