søndag 19. mars 2017

Poetica:faste

Faste

Askeonsdag:
å ro over mørk og stille sjø
der åretaka bryt tunn isskorpe
og hendene er valne under sluddbygene

Påskemorgon:
å gli inn mot ein ukjent våg
leggja til og fortøya
i det morgonsola bryt gjennom disen






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar