fredag 17. mars 2017

Silence

"Då sette han i og banna og sverja:" Eg kjenner ikkje denne mannen." Straks gol hanen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: "Før hanen  gjel, skal du fornekta meg tre gonger." Og han gjekk ut og gret sårt."  (Matt. 26.74-75)

"Presten satte foten på fumie`n. Morgensolen flommet inn.Og langt borte gol en hane."
(Shusaku Endo: Taus himmel, kapittel 8 )

Romanen "Taus himmel" av japanske Shusaku Endo (1923-96) kom ut i 1966, norsk utgåve i 1971. Då boka kom ut førte ho til ein stor debatt omkring religion og kultur i forfattarens heimland. Filmskapar Martin Scorsese som sjølv tenkte å bli prest og i mange av filmane sine tek opp religiøse spørsmål, vart grepe av Shusaku Endos historie og planla i fleire tiår å laga ein film med utgangspunkt i denne boka. I fjor kom så dette storslåtte dramaet  med tittelen "Silence", i hovudrollene Andrew Garfield som fader Sebastiao Rodrigues, Adam Driver som fader Francisco Garrupe og Liam Neeson som fader Ferreira. Filmen føl nokså detaljert kronologien i boka som eg las første gong for snart førti år sidan, og på ny no etter å ha sett filmen. Boka gjorde sterkt inntrykk første gong eg las henne ,og enno meir no med dei filmatiske bilete på netthinna og i lys av lengre livserfaring. "Taus himmel"/"Silence" handlar om dei store spørsmål i tilveret, om tru og tvil, om martyrium og fornekting, og ikkje minst om misjon og kulturkollisjon. Sjølv om dette foregår på 1600 talet er det likevel dagsaktuelt.

Den historiske bakgrunnen er eit Japan der portugisiske jesuitt misjonærar kom i land på byrjinga av 1600 talet, og der det i løpet av få tiår vart fleire hundretusen kristne. Kristendomen vart først sett på med velvilje av styresmaktene, men etter kvart som kyrkja ekspanderte vart det ein aukande uro for korleis dette vil påverka det japanske samfunnet. Enden på visa vart omfattande forføljingar av dei kristne med brutal tortur og massakrar. Når Shusaku Endos historie byrjar er kristendomen på sterkt vikande front og berre fattige bønder og fiskarar praktiserar religionen i løyndom. Fader Ferreira er ein høgt respektert teolog og misjonær som har arbeidd i Japan i fleire tiår, men heime i Portugal har dei ikkje høyrt frå han på lang tid, og det går rykte om at han er fråfallen.  Fader Rodrigues og fader Garrupe   avgjer at dei vil leggja ut på den farefulle reisa til Japan for om mogleg  å oppspora          
fader Ferreira. Dei reiser via koloniane Goa og Macao, i Macao treff dei den fråfalne japanaren Kichijiro som blir ein gjennomgangsfigur vidare i forteljinga. Vel framme i Japan får dei kontakt med japanske kristne som trass i forfølgingar framleis praktiserar den kristne trua, Dei blir vitne til brutal tortur og smertefull henrettingar, og her er det dei blir konfrontert med det første store dilemmaet: fører dei portugisiske prestane sitt nærver berre til større liding for dei japanske kristne ?

For å testa om ein japanar er kristen nyttar styresmaktene ein såkalla fumie (tråkkebilete), eit bilete av Kristus og Maria som vert lagt på bakken, den kristne blir så oppfordra til å håna Kristus ved å tråkka på bilete. Den før omtala Kichijiro tråkkar på bilete og vart frigjeven, medan slektningane hans stod i mot og vart brende på bålet. Han angrar men sviktar på nytt gong etter gong, og han ender til slutt med å  angje fader Rodrigues. Kichijiro er på alle måtar ein feig og motbydeleg person, fader Rodrigues føler ein sterk motvilje mot mannen, men høyre hans skiftemål og så gjer hans seg følgjande tanke som og blir eit sentralt tema i boka og filmen: "Men Kristus døde ikke for de gode og de vakre. Det er lett nok å dø for de gode og de vakre; det vanskelige er å dø for de elendige og de fordervede - det får jeg nå plutselig en akutt fornemmelse av."  

Martyriet har gjennom store delar å kristendomens historie blitt framheva som eit ideal, vi såg det nyleg i Libya der dei koptiske mennene  som vart henretta av IS roleg gjekk døden i møte med Kristi navn på leppene. Slektningane fortalde kor stolte dei var over at dei stod i mot og heldt fast ved Kristus like inn i døden. Men kva  med dei svake, dei som ikkje held ut torturen slik som Kichijiro, døydde ikkje Kristus også for dei ?  Og kanskje var der likevel ein større styrke, for til slutt når fader Rodrigues har falle frå, viser det seg at Kichijiro framleis ber ein kristen medaljong rundt halsen, det blir oppdaga og han blir ført bort. " Kristus ønsket å frelse selv en Judas. Hvis ikke, ville han aldri ha gjort ham til en av sine disipler." skriv Shusaku Endo.

Tittelen "Taus himmel" /"Silence henspeglar på fader Rodrigues opplevinga av den tause Gud. Han får ikkje svar på sine spørsmål og sin tvil stilt overfor liding og meiningslaus død. "Og i likhet med sjøen var også Gud taus. Han var taus fremdeles."  Men når han blir stilt overfor det spørsmålet om det er rett å fornedra Kristus for å berga andre menneske er ikkje Gud lenger taus. Fader Rodrigues  får det umenneskelege valget enten å sjå på at andre kristne blir torturert til døde ,eller sjølv håna Kristus ved å trø på fumien. Der og då opplever han at Kristus- bilete på bronseplata talar til han:" Tråkk ! Tråkk! Jeg vet bedre enn noen hvor vondt det gjør i foten din. Tråkk! Jeg ble født  til verden for å bli tråkket på av menneskene. For å dele menneskenes lidelser, var det jeg bar mitt kors."  Det er den fornedra og lidande Kristus som talar til han, Kristus som lir for alle ikkje bare dei sterke og vakre, men kanskje mest for dei svake og stygge, dei som syndar, sviktar og gjev etter, Dette er Jesajas Kristus: " Han var forakta, forlaten av menneske, ein mann av smerte, kjend med sjukdom, ein dei løyner andlete for, vi rekna han ikkje for noko." ( Jes.53.3)

Shusaku Endo går her inn i kjernen av evangeliet, og kanskje det som sterkast skil kristendomen frå alle andre religionar, tankesystem og ideologiar. Men det er ikkje utan personleg smerte han ber fram denne bodskapen.  Han er japanar og katolikk, katolisismen fekk han med frå mora. Han held fast ved katolisismen heile livet, men lever med  kontrasten mellom japansk og vestleg tankegang. Det er japanske blod som strøymer gjennom årene hans, å bli kristen er som å få overført blod med ein framand blodtype kommenterar han ein plass.
Japan  er ei hemgemyr, seier fader Ferreira, uansett  kva slags spirer du planter vil røttene etter kvart rotna. Kan kristendomen få fotfeste i Japan blir det sentrale spørsmålet. Den japanske "inkvisitoren" Inoue kjem med  ei likning for å illustrera det japanske synet: ein mann har fire konkubiner som stadig trettar, til slutt blir han lei og kastar alle fire ut av huset, endeleg får han fred.
Fader Rodrigues forstår ikkje med det same og Inoue forklårar at mannen er Japan, dei fire konkubinene er Portugal, Spania, England og Nederland. Enkelte anmeldarar har funne den religiøse tematikken uinteressant, dei har forstått fint lite! "Silence" innheld mange lag av tema, om  enkelte  av dei religiøse problemstillingane  kanskje ikkje interesserar  ale i publikum, burde den dagsaktuelle tematikken omkring  møte mellom ulike kulturar, religionar og språk gjera det !







" This is not the sort of film you like or don`t like. It`s a film that you experience and live with"
(konklusjonen i ei amerikansk filmanmelding)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar