onsdag 22. mars 2017

Poetica:Saint Patrick`s Day

17.mars feirar ein St. Patricks dag til minne om Irlands apostel og skytshelgen Den heilage Patrick som levde frå omlag 385 til 461. 17. mars skal vera dødsdagen hans. Dagen er ein viktig både religiøs og folkeleg festdag både i Irland og andre stadar i vera der irske immigrantar har slege seg ned.
Trekløver er ein symbol både for Irland og Den Heilage Patrick. Det blir sagt at han nytta trekløveren som eit bilete på Treeininga når han forkynte kristendomen i den keltiske verda.


Saint Patrick`s Day

Eg står tidleg opp 
og kler meg i grønne sletter                                                                                                                                                      og kler meg i grønne sletter
eg kler meg i hav og bølgjer
i klipper, skjer og bratte berg
så kler eg meg i regn og mørke skyer
til sist i himmel blå og solgongsbris

framom meg
bak meg
ved sida mi
over meg
under meg
inni meg

Kven kler meg no i miskunn og glede ?
  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar