søndag 23. oktober 2016

Den heilage Catalina Thomas

Vi  køyrer frå Palma eit stykke opp i fjellet til Valldemossa, byen er kanskje mest kjent for at Fredric Chopin og sambuar George Sand budde her vinteren 1838-39. Går ein langs dei smale gaten ned i gamlebyen kjem ein til ei gammel kyrkje som er stengt, men litt lenger inne i gata dukkar det opp eit lite kapell.Det er fødestaden til  Mallorcas skytshelgen Den heilage Catalina Thomas (1533-74) også kjent som Catherina av Palma . Her finn vi eit alter med statue av henne og oppslag på ulike språk, mellom dei norsk !!, som fortel litt om Catalina. Ho var fødd i ein bondefamilie og vart tidleg foreldrelaus og vaks opp hos slektningar i nærleiken. Ho synte tidleg stor interesse for bøn og fekk etterkvart visjonar og mystiske nådegåver. I 1552 slutta ho seg til nonneklosteret St.Maria Magdalena i Palma der ho vart til sin død i 1574. Det oppstod tidleg ein lokal kult omkring Catalina, ikkje minst i heimbyen Valldemossa. I 1792 vart ho så saligkåra av pave Pius VI og i 1930 vart ho så heilagkåra av pave Pius XI.
Ho set enno sit tydelege preg på byen, på alle hus vi ein ved inngongen små plakettar med bilete av  Catalina og innskrifta: Santa Catalina pregau per nosaltres ( Santa Catalina be for oss).







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar