mandag 24. oktober 2016

La Seu - Mallorcas katedral

Alt langt ute i Palmabukta får ein auge på katedralen, dette gotiske meisterverket like i sjøkanten i Palma. Katedralen vart påbegynt i 1306 og arbeidet har halde fram like inn i vår tid mellom anna ved Antoni Gaudi som vi framfor alt forbind med Barcelona.
Dei baleariske øyane vart erobra av maurarane på 900 talet og var muslimske område fram til kong Jaume 1. av Aragon gjorde opprør mot dei mauriske herskarane i 1229 og gjorde øyane på nytt til katolsk område. I følge historia tok han initativet til bygginga av katedralen men fekk ikkje sjølv oppleva det, men han ønskte å bli gravlagt der. På 1600 talet etter fleire hundreårs arbeid fekk katedralen den gotiske forma vi kjenner i dag med strebepilarar, glasvindauge, dei 20 sidekapella, klokketårnet og midtskipssøylene. Delar av interiøret er moderne, Gaudi setta sitt preg på koret med den omdiskuterte baldakinen, og enno nyare er sakramentskapellet utforma av den lokale kunstnaren Miguel Barcelo og innvigd i 2007 ! Dette kapellet med sine havsymbol glir harmonisk inn i dei gamle gotiske formene og understrekar at dette ikkje berre er eit museum og ein  turistattraksjon, men eit levande gudshus der det frameleis dagleg blir feira messe.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar