tirsdag 15. desember 2015

Poetica:Kom glede, kom !

Kom glede, kom ! (Gaudete søndag)


Dagen lukkar seg tidleg no
sola, berre eit glimt av vår sjeldne gjest
så tusmørke i ventetida
og lyset kan tennast
den rosa gleda bryt fasten
du kan ropa ut det som bore
av engelvenger opnar himmelen.
Stjernetydar, gjetar, vertshusvert,
kven dekkar bord for dykk ?
Kven sjenkar glas og delar ut,
ein frukt av gyllent korn og mørke druer ?
Vi ventar no, urørlege ,lyttande.

Kom glede, kom !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar